– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kalkbrenning 2020

mån09marHeile dagenfre13Kalkbrenning 2020Me brenn kalkstein i sjølvbygd omn(Heile dagen)(GMT+00:00)

Om arr.

No er det klart for ei ny kalkbrenning i Agatunet!

I 2018 bygga me eigen kalkomn i Agatunet, henta kalkstein frå Varaldsøy, brann, leska og kalka dei nedre murane på Lagmannsstova. Dette spanande og unike prosjektet vart gjennomført med hjelp fra murarer frå Nidar Domkirkes restaureringsarbeider (NDR), og Chris Pennock frå NDR kjem attende til Agatunet for å leie arbeidet i år og.

Mandag 9. mars etter lunsjtid tek me til med å leggja stein i omnen, og fyrar opp kring klokka 23 på kvelden.
Dei neste dagane vert det brenning heile døgeret, medan eit vaktlag dag og natt syter for at ikkje omnen faller i temperatur.
Kalkstein må haldast over 800 grader i tre døger, så omnen må haldast under konstant oppsikt.

Me avsluttar torsdag kveld. Avsluttinga vert markert med føredrag av murarane Tore Granmo og Chris Pennock klokka 19 og 21, og ope kafé med sal av forfriskningar (sjå eige arrangement).

Fredag føremiddag vert steinen spadd i tønner, såframt den er tilstrekkeleg avkjølt.

Alle interesserte er velkomne innom!

Tid

mars 9 (Måndag) - 13 (Fredag)(GMT+00:00)