– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Jens Hauge - Utsiktspunkt og gøymestad

sun06okt(okt 6)17:00sun19apr(apr 19)00:00Jens Hauge - Utsiktspunkt og gøymestadUtstilling(okt. 6) 17:00 - (april 19) 00:00(GMT+00:00)

Om arr.

I oktober opnar museet utstillinga «Utsiktspunkt og gøymestad». Den tek utgangspunkt i ein bildeserie kunstfotograf Jens Hauge starta i 1988 då han oppdaga ei nær falleferdig leikehytte i Vik i Sogn. Hauge reiste fleire gonger tilbake til den same hytta og tok bilete. Dette var dei fyrste av i alt 150 foto av ulike trehytter frå heile Sør-Norge. Utstillinga på Voss folkemuseum syner eit stort utval frå serien – inkludert hytter frå Voss.

Sjølv om utstillinga handlar om leikehytter er ikkje biletserien særskilt retta mot born som målgruppe. Hauge vil ikkje avsløra borna sin gøymestad, ein stad som for mange born kanskje er den fyrste forsiktige lausrivinga frå heimen. Bileta i utstillinga er meir meint som ei «minnebru» til publikum, fortel fotografen. Jens Hauge er oppteken av leikehyttene som fenomen, – av dei skulpturelle, arkitektoniske, kunstneriske, filosofiske og sosialantropologiske aspekta ein kan lesa frå dei.

Tid

Okt. 6 (Sundag) 17:00 - April 19 (Sundag) 00:00(GMT+00:00)