– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ingunn van Etten

sun07mai(mai 7)17:30fre06okt(okt 6)15:00Ingunn van EttenBilete og bok(mai 7) 17:30 - (okt. 6) 15:00(GMT+00:00)

Sprettert og eg, bokillustrasjon av Ingunn van Etten

Om arr.

Bilete og bok

Utstillinga Bilete og bok viser om lag 80 illustrasjonar frå sju bøker, alle illustrert av Ingunn van Etten. I tillegg viser ho bokomslag og illustrasjonar frå bøker og magasin. Nokre av illustrasjonane er vist offentleg tidlegare, andre ikkje. Utstillinga opnar sundag 7. mai kl 17.30, og står til fredag 6. oktober 2023.

Utstillinga er eit tverrsnitt av van Ettens produksjon av illustrasjonar, og eit portrett av ein illustratør frå debuten fram til i dag; ein kunstnar som let fantasien få vengjer og hjelper sjåaren til å flyga.

«Fargar og former er mitt uttrykksmiddel. Eg er oppteken av kommunikasjon, mellom menneske og mellom menneske og det som er rundt. Det symbolske spelar ei stor rolle, humor, leik og spel er andre viktige faktorar. Vekselbruk mellom frie arbeid og arbeid knytt opp til ein tekst er stimulerande og utviklande og høver godt for meg». (Ingunn van Etten)

Van Etten debuterte med måleriutstilling på Hardanger folkemuseum i 1976, like etter at ho kom heim etter utdanning utanlands. To år seinare debuterte ho som illustratør. Deretter vart det fruktbart vekselbruk mellom tekst og bilete og frie måleri, slik ho drøymde om at hennar kunstnarliv skulle vera.

Bokillustrasjonar på utstilling

Gjennombrotet som bokkunstnar kom med illustrasjonane til Tordenguden av Tor Åge Bringsværd (i serien Vår gamle gudelære) og Den dagen det regna kattungar av Hans Sande. Biletkunstnaren har også forfatta to bøker – og sjølvsagt illustrert dei: Trollkjerringa i Hausafjellet og Meistersmeden. Båe baserte på lokale segner. Det var viktig å finna ut korleis ting såg ut på den tida historiene gjeng føre seg for å få illustrasjonane autentiske og truverdige. I dette arbeidet var museet på Utne med sine samlingar ein svært god stad å gjera research, og mykje tid vart også brukt i det lokale biblioteket på Utne. Også i nærmiljøet var inspirasjon og svar. Hjå ein lokal smed fann ho ut korleis dei ulike arbeidsreiskapane såg ut og korleis smeden jobbar i dei ulike prosessane.

I utstillinga Bok og bilete er det også henta fram gjenstandar frå samlingane til museet. Slik vert det ein raud tråd mellom bileta og staden dei vert viste.

Skuleelevar skal og få høve til å djupdykka i van Etten sitt univers gjennom eit pedagogisk opplegg der dei får sjå illustrasjonane i samanheng med aktuelle historiske gjenstandar.

Til utstillinga er det laga katalog med tekst av Mette Bleken.

Biletet er frå boka Sprettert og eg av Hans Sande og Ingunn van Etten.

Tid

Mai 7 (Sundag) 17:30 - Okt. 6 (Fredag) 15:00(GMT+00:00)