– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Hege Wiken – Splitter pin(n)e

sun02junsun01sepHege Wiken – Splitter pin(n)e

Om arr.

Utstillingsopning sundag 2. juni kl 13

Sommaren 2019 viser Agatunet ei utstilling av korgmakar Hege Wiken.
Wiken set her fokus på splitting av materiale. Dette er ein dominerande teknikk i korgmaking i Noreg, der relativt grovt material vart nytta til fletting. Det vert nytta mellom anna hassel, selje, hegg, einer og pil.

Kunnskapen om teknikken er i ferd med å døy ut:
Det er svært få som kan formidla kunnskap om innhenting av rett type material til riktig tid, og rett foredling av dette. Prosjektet Splitter pin(n)e er meint som eit bidrag til å ta vare på og vidareformidla noko av den kunnskapen.

Det er elles uendelege unytta ressursar i kulturlandskapet. Dette er også i ferd med å gro igjen – som ein konsekvens av at ressursane ikkje vert nytta.

Korgene i utstillinga gjenspeglar prosessen med å læra lokale material og tradisjonelle teknikkar å kjenna. Prosjektet er eit samarbeid med Samson Øvstebø som er tradisjonsberar og støttespelar i prosjektet.

Dette fortel korgmakar Hege Wiken om arbeidet sitt:

«Eg har svennebrev som korgmakar etter læretid hjå Skovstuen Pil. Eg er stolt over å kunne vidareføra eit gamalt handverk med slike store variasjonar og mangfald i kunnskap, eg er begynt å forstå rekkevidda av det eg ikkje veit, og gler meg til å fortsetja reisa med å læra fleire material og teknikkar å kjenne.
Eg driv garden Alvastien Telste med mann og tre barn i Fyksesund, Hardanger.
Eg er engasjert i å dykke djupare i handverket og dei lokale tradisjonane, og å kunne nytte ein ofte oversett ressurs samtidig som eg driv regenerativt jorbruk – ein naturleg del av heilskapen på garden.»

Utstillinga står i Agatunet i perioden 02.06.19-01.09.19.

Prosjektet Splitter Pin(n)e er støtta av Norsk kulturråd, Halldor O. Opedal sitt fond for ålmennyttige formål og Kvam herad.

Tid

Juni 2 (Sundag) 13:00 - Sept 1 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)