Felieke van der Leest
lau02junHeile dagensun26augFelieke van der LeestFrå Spermheart til Miss Universe
Om arr.
Denne famillievenlege utstillinga i Kabuso tek deg med inn i eit univers med mange fascinerande skapningar. Kanskje blir du også inspirert til å laga din eigen smykkekunst på verkstaden vår? Felieke
Om arr.
Denne famillievenlege utstillinga i Kabuso tek deg med inn i eit univers med mange fascinerande skapningar. Kanskje blir du også inspirert til å laga din eigen smykkekunst på verkstaden vår?
Felieke van der Leest skapar iaugefallande smykke satt saman av edelmetall, tråd, plastdyr og tekstile teknikkar. Smykka ber på eigne historier og kan sjåast som skarpe observasjonar med mykje humor bygt inn.
Sommarens utstilling i Kabuso er via hennar kunstnarskap i heilskap og presenterer hennar særeigne uttrykk utvikla gjennom dei siste 20 åra.
Smykka til van der Leest er rike på detaljar. Dei er forteljande smykke som og fungerer som miniatyrskulpturar. Klede og tilbehør gir leikedyra ny identitet og menneskelege trekk. Smykka vert først opplevd som humoristiske med sine uventa kombinasjonar, men i fleire av smykka ligg det og eit alvor under. Menneskeleg dårskap vert tematisert og latterleggjort, og tema som krig, miljø og dyrevelferd er kritisk antyda.
Felieke van der Leest (f. 1968) kjem frå Emmen i Nederland, men har vore busett i Øystese sidan 2008. Ho er representert i fleire internasjonale samlingar som Victoria & Albert Museum, London og Cooper Hewitt museum, New York og sel smykke i Tokyo, New York og Amsterdam.
Denne sommaren stiller kunstnaren ut på den nye heimstaden sin.
Tid
Juni 2 (Laurdag) - Aug. 26 (Sundag)(GMT+00:00)
Program
Arr.type
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum