okt. 2023
tors19okt00:00Espen Eriksen trioMELANKOLSK OG OPPLØFTANDE00:00
Om arr.
Espen Eriksen - piano/komposisjon Lars Tormod Jenset - kontrabass Andreas Bye - trommer Når det kjem til pianotrioar er Espen Eriksen trio blant dei aller beste. Bandet er kjend for melodisk minimalisme, subtile komposisjonar
Om arr.
Espen Eriksen – piano/komposisjon
Lars Tormod Jenset – kontrabass
Andreas Bye – trommer
Når det kjem til pianotrioar er Espen Eriksen trio blant dei aller beste.
Bandet er kjend for melodisk minimalisme, subtile komposisjonar og vakre, lyriske stemningar gjennom fleire strålande album på plateselskapet Rune Grammofon og konserter verda rundt.
For å sitera BBC si melding av trioen si andre plate:
”A wonderfully plaintive jazz record, abandoned to the lost art of melodic minimalism, stripped back and beautifully near bare. No smoke and mirrors, just the graceful chemistry of superb musicians at the top of their game”.
Me ynskjer velkomen til ein konsert med fengslande og lyriske songar – ofte melankolske og oppløftande på same tid.
_____________
Kabuso er takka vere gode lokale krefter innehavar av eitt av dei flottaste Steinway-flygela i landet. Saman med ein konsertsal med nydeleg akustikk legg dette tilhøva til rette for konsertopplevingar av dei sjeldne.
Leif Ove Andsnes sa dette etter sin konsert i Kabuso i 2016:
«Det var veldig moro. Eg fekk ein kjensle av noko internasjonalt, til dømes det eg opplever i land som Japan. Eg likte denne salen veldig, veldig godt.»
Tenk det. Her. I Øystese.
Tid
(Torsdag) 00:00