Dans + konsert
tors18jun13:0000:0013:00 - 00:00 Dans + konsertRomantiker/ Stephan Meidell-konsert
Om arr.
Torsdag 18. juni kl 13 Kabuso byr på danseførestilling i utstillingsalen og påfølgande solokonsert: Romantiker er ei førestilling som spring ut frå eit ønske om å ta innover seg den naturlige
Om arr.
Torsdag 18. juni kl 13
Kabuso byr på danseførestilling i utstillingsalen og påfølgande solokonsert:
Romantiker er ei førestilling som spring ut frå eit ønske om å ta innover seg den naturlige verda gjennom sansane, fantasien og dansen.
I to veker vil tre dansarar og ein komponist ha sanka dansar i skogane på Øyslebø som dei no gjerne vil dela med Kabuso sitt publikum. Korleis vil det sørlandske landskapet klinga i fjorden?
Med seg på laget for visninga i Kabuso har dei gitarist Stephan Meidell som følger opp forestillinga med en solokonsert.
Kunstnarleg ansvarleg: Sunniva Vikør Egenes
Dansarar: Morten Liene, Benjamin Pohlig
Komponist: Gasper Piano
Musikk: Stephan Meidell
Romantiker er ein duett mellom dei to dansarane Benjamin Pohlig og Morten Liene – og ei framsyning som søkjer å spegla erfaringar frå naturverda;
Ein særskild innsjø om morgonen, skogen om kvelden, heiane, dyra og menneska dei møter på reisene sine.
Det er eit prosjekt som handlar om korleis det sanselege i naturopplevingane våre kan delast med eit publikum, og som søkjer å skapa ein samanheng der dei som er til stades kan kjenna på banda dei har til omgjevnadene dei kjenner og bryr seg om.
vel, for noen minutter siden trodde jeg at danserne uttrykte noe som handlet om natta, om bygda og månen, at de liksom sa hva de tingene ville sagt om de kunne danse. men kanskje natta, bygda og månen selv snakker og bruker danserne til å si det.
Frå The rose field, Phillip Pullman (oversetjing: S. Vikør Egenes)
Førestillinga er inkludert i inngangsbilletten for utstillinga av Dyrdal/Mogstad/Welsh
Støttet av Kulturrådet, FFUK og Agder kulturfond
Foto: Sunniva Vikør Egenes
