


Auke i statsstøtta til museet
av Ann Charlotte Ellingsen | 9. okt, 2020 | Nyhende
Hardanger og Voss museum får 12.930.000 kroner i statsstøtte neste år mot 11.195.000 i år. I denne differansen ligg det, i tillegg til 800.000 til samarbeidsprosjektet hardingfela.no, 700.000 kroner i koronatilskot. Dette er tilskot som går til offentleg finansierte...
Trygg i Kabuso
av Ann Charlotte Ellingsen | 17. aug, 2020 | Nyhende, Uncategorized @no
Kunsthuset Kabuso forheld seg til dei til ei kvar tid gjeldande retningslinjene frå helsemyndigheitene og har gode smitteverntiltak. Dette for å ivareta tryggleiken for deg og andre. Spørsmål? Kontakt oss gjerne på tlf 474 79 987 eller post@kabuso.no...
Nye medlemer i styre og råd
av Ann Charlotte Ellingsen | 2. jun, 2020 | Nyhende
Styret og rådet for Hardanger og Voss museum har fått ny samansetning og ser no slik ut: Medlemer i styret 2020: Lars Mossefinn – styreleiar Solfrid Borge – nestleiar Asbjørn Tolo – styremedlem Sigrid Brattabø Handegard – styremedlem Hans Jørgen Andersen – styremedlem...Program
lau23jan12:00lau14:00Bornas KabusoKreativ verkstad12:00 - 14:00

Om arr.
Bornas Kabuso er tilbake! Laurdag 23. januar fyller me utstillingssalen med fleire kreative aktivitetar. Har du nokon gong mala med ei
Om arr.
Tid
(Laurdag) 12:00 - 14:00
Arrangør
Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau23jan19:00Voice & Strings & Timpani19:00

Om arr.
MARI KVIEN BRUNVOLL vokal, elektronikk EVA PFITZENMAIER vokal, keys, fløyte STEIN URHEIM gitar, effekter, langeleik STEPHAN MEIDELL gitar, elektronikk KIM ÅGE FURUHAUG trommer, perkusjon ØYVIND HEGG-LUNDE trommer, perkusjon Voice & Strings & Timpani var opprinneleg eit
Om arr.
MARI KVIEN BRUNVOLL vokal, elektronikk
EVA PFITZENMAIER vokal, keys, fløyte
STEIN URHEIM gitar, effekter, langeleik
STEPHAN MEIDELL gitar, elektronikk
KIM ÅGE FURUHAUG trommer, perkusjon
ØYVIND HEGG-LUNDE trommer, perkusjon
Voice & Strings & Timpani var opprinneleg eit bestillingsverk til Nattjazz, som endeleg har vorte foreviga i studio.
Musikken befinner seg på ein dogmefri stad kor synthar, franske gloser og draumedryssande gitarar dansar taktfast i ring på samtidsmusikkfest.
I november 2020 kom albumet “Voice & Strings & Timpani” på det velrenommerte selskapet Hubro til særs gode kritkkar.
All musikk er komponert av Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde, begge kjende frå blant anna Erlend Apneseth Trio og Building Instrument.
Dei har i ei årrekkje jobba saman i duokonstellasjonen Strings & Timpani, og denne gongen utvidar dei formatet med nokre av sine favorittmusikantar frå den eigenarta improvisasjonsscenen i Bergen.
Sjekk ut VST på YouTube:
Tid
(Laurdag) 19:00
Billettar på nett
>>> Kjøptors11feb19:00Trio AldeSleppekonsert: Himlaleite - Songar av Fløgstad og Fliflet19:00

Om arr.
Torsdag 11. februar klokka 19 inviterar Kabuso til konsert med tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre. Trio Alde er: Gabriel Fliflet - trekkspel, piano, song Berit Opheim - song Jorun Marie Kvernberg -
Om arr.
Torsdag 11. februar klokka 19 inviterar Kabuso til konsert med tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre.
Trio Alde er:
Gabriel Fliflet – trekkspel, piano, song
Berit Opheim – song
Jorun Marie Kvernberg – feler, song m.m.
No dreg trioen på sleppeturné med si første plate:
Himlaleite – songar av Fløgstad og Fliflet. Her gjev dei oss songar med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Gabriel Fliflet;
eventyrlege historier, naturlyrikk og voggesongar – eit breitt spenn frå stille nynning og blåtonar til driv og dansetakt.
Songar som går sine eigne stiar. Lengting, liv og song!
I tillegg til songane av Fløgstad og Fliflet, ausar Trio Alde òg av si store musikalske skattkiste, med både tradisjonsrike og nye tonar.
Ordet alde har forresten to tydingar: stor havbåre, dønning og hagefrukt. Ordet rommar altså både hav og hage – og peikar mot Vestlandet, der dei tre musikarane er heime.
Om musikarane:
Berit Opheim frå Voss er vokalist i særklasse. Ho er folkesongar og tradisjonsberar, men ho har òg briljert som Nattas dronning i Mozarts Tryllefløyta og trollbunde Carnegie Hall med tidlegmusikk i Trio Mediaeval. Berit har vunne eit berg med prisar og samarbeidd med ei rekke framståande musikarar innan både folkemusikk, jazz, barokk, samtids- og klassisk musikk.
Jorun Marie Kvernberg kjem frå Fræna i Romsdal, og er ein felespelar med glød — både på vanleg fele og på hardingfele. Spelar harpeleik (zither) og syng gjer ho òg!
Jorun Marie har vore ei drivkraft i folkemusikkgruppene Majorstuen, Tindra og Kviven duo. Ho er ein produktiv komponist i vise- og folkemusikkstil, og har vunne mange prisar. Busett i Volda.
Gabriel Fliflet er bergensar, og ein musikar og musikkmakar som boltrar seg i mange folkelege musikktradisjonar. Mange kjenner han som trekkspelar og noko ustyrleg vokalist i duoen Fliflet/Hamre. Gabriel har samarbeidd med Berit sidan slutten av 1980-talet, og med Jorun Marie sidan 2012.
Om forfattaren Fløgstad og komponisten Fliflet:
Kjartan Fløgstad er ein av dei store forfattarane i landet vårt. Han er glad i musikk, og har i heile sitt forfattarliv dikta songtekstar, som har dukka opp både i og utanfor romanane hans. Spennet er vidt, frå vare voggeviser til frodige historier, frå naturlyrikk til songar om kjærleik på skrinn grunn.
Musikar og musikkmakar Gabriel Fliflet har laga musikk til mange av Fløgstads songtekstar. Fliflets melodiar er melodiøse, men går gjerne litt uventa vegar. I fleire av dei kan du høyra at komponisten ikkje berre trivst på konsertscena, men òg er glad i å spela til dans: Vals og reinlendar, tango og ulike balkandansar!
Fliflet har komponert verk til m.a. Festspillene i Bergen og Vossajazz, og tidlegare tonesett forfattarar som Jon Fosse, Ragnar Hovland og Robert Burns.
>>> Sjå video på Facebook: Trio Alde øver på songen Fjetra
Foto: Kato Ådland
Tid
(Torsdag) 19:00
Arrangør
Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KjøpArr. på Facebook
>>> Sjekk ut
Om arr.
Utstillinga "Og fjorden der nede blir ved å gå videre mot havet, og blandes mot alle verdens vann" vert vist i Kabuso våren 2021. Utstillinga gjev ulike innfallsvinklar -
Om arr.
Utstillinga «Og fjorden der nede blir ved å gå videre mot havet, og blandes mot alle verdens vann» vert vist i Kabuso våren 2021.
Utstillinga gjev ulike innfallsvinklar – i form av måleri, teikning, fotografi, video og installasjon – på spørsmålet:
Kva er Hardanger i dag og hva fortel eit landskap som dette oss om identitet, historie, vitskap og forholdet vårt til natur?
Deltakande kunstnarar:
Hege Nyborg
Carina Hedén
Ingrid Book
Thorbjørn Sørensen
Per Christian Brown
Helene Sommer
Foto: Per Christian Brown – Der Wurzelmensch 5
Tid
Feb. 13 (Laurdag) 00:00 - April 25 (Sundag) 00:00
Arrangør
Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau13feb13:00sun14:00KakaokonsertUnge talent13:00 - 14:00

Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 13. februar kl 13! To gongar i løpet av våren 2021 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 13. februar kl 13!
To gongar i løpet av våren 2021 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar, i resepsjon: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso

Ung hardingfelespelar under Kakaokonsert
Tid
(Laurdag) 13:00 - 14:00
Arr. på Facebook
>>> Sjekk ut hending på FB!fre19feb19:00fre21:30Drink & Draw19:00 - 21:30

Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt fredag 19. februar kl 19-21.30! Vertskap og instruktør:TBA Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatører like mykje som profesjonelle. Bill kr 150,- inkl. teiknemateriell og
Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt fredag 19. februar kl 19-21.30!
Vertskap og instruktør:TBA
Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatører like mykje som profesjonelle.
Bill kr 150,- inkl. teiknemateriell og valfri drikke frå kaféen/baren:
Vår eigen Storeteigenmost, mineralvatn, vin, øl, kaffi, te etc.
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
lau20feb12:00Bornas KabusoFilm: En katt i Paris12:00

Om arr.
Handteikna, fransk spenningsfilm for born i konsertsalen. Katten Dino lever eit dobbeltliv. Om dagen er han den søte kattepusen til Zoe, dottera til den kvinnelege politisjefen i Paris. Om natta snik Dino
Om arr.
Handteikna, fransk spenningsfilm for born i konsertsalen.
Katten Dino lever eit dobbeltliv. Om dagen er han den søte kattepusen til Zoe, dottera til den kvinnelege politisjefen i Paris.
Om natta snik Dino seg ut for å vera med tjuven Nico, som elegant sleng seg frå tak til tak, på jakt etter eit verdifullt bytte.
Aldersgrense 6 år (tillaten for alle med følgje).
Inga påmelding.
Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle dei 5 arrangementa våren 2021.
Tid
(Laurdag) 12:00
Arrangør
Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
sun28feb18:00FINT FRANSK ORKESTERChansons, hjerte og smerte18:00

Om arr.
Fint Fransk Orkester tek deg med på ei reise bort frå det heile - i Kabuso sundag 28. februar. Orkesteret er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata
Om arr.
Fint Fransk Orkester tek deg med på ei reise bort frå det heile – i Kabuso sundag 28. februar.
Orkesteret er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata Noreg. Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar.
Med nypolert trombone, nystemt trekkspel og nydeleg song er musikken i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Edith Piaf og Django Reinhardt. Cabaret, string-swing og hip hop. Chansons, hjerte og smerte.
Fint Fransk Orkester er:
JOHAN EGDETVEIT trekkspel
DOMINIQUE BRACKEVA vokal, trombone
EVA BJERGA HAUGEN vokal, tangentar
ANDREAS BARSNES ONARHEIM gitar, vokal
THEODOR BARSNES ONARHEIM kontrabass
Orkesteret slapp debutalbumet sitt 20. februar 2020 – sjekk det gjerne ut på Spotify!
Arr: Kabuso og Vestnorsk jazzsenter
Tid
(Sundag) 18:00
Arrangør
Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KjøpArr. på Facebook
>>> Sjekk utsun14mar18:00BOUNCE ALARMJazzsekstett med popteft18:00

Om arr.
CHRISTIAN CAUADRA altsaksofon STURLA HAUGE NILSEN trompet ELISABETH LID TRØEN tenorsaksofon INGRID ØYGARD STEINKOPF piano, fløyte MORTEN BERGER STAI kontrabass RINO SIVATHAS trommer Frå jazzlinja i Trondheim og med debutplata om hjørnet kjem Bounce Alarm –
Om arr.
CHRISTIAN CAUADRA altsaksofon
STURLA HAUGE NILSEN trompet
ELISABETH LID TRØEN tenorsaksofon
INGRID ØYGARD STEINKOPF piano, fløyte
MORTEN BERGER STAI kontrabass
RINO SIVATHAS trommer
Frå jazzlinja i Trondheim og med debutplata om hjørnet kjem Bounce Alarm – eit ensemble med store mengder melodisk pop-teft kamuflert bak jazzinstrumenteringa. Filosofien er enkel – bandet vil syna at improvisert instrumentalmusikk kan vera både underhaldande og dansbart – ikkje minst i møte med born og ungdom.
Bounce Alarm har allereie spelt på London Jazzfestival og All About Jazz var begeistra: «Many jazz genres could be namechecked as the group changed between whiplash bop breaks, detailed and restrained cool jazz, cooking hard bop and rock energy.»
Ein lettare sprø sekstett som fenger og underheld publikum i alle aldrar.
Arr: Kabuso og Vestnorsk jazzsenter
Tid
(Sundag) 18:00
Billettar på nett
>>> Kjøpfre19mar20:00Ein veg - ei reise med BergensbanenLitterær konsert20:00

Om arr.
Fredag 19. mars kl 20 kan du bli med på ei musikalsk reise: Ut av konsertsalen i Kabuso og avgarde med Bergensbanen i lag med Dag Helleve, Marius Klovning og
Om arr.
Fredag 19. mars kl 20 kan du bli med på ei musikalsk reise: Ut av konsertsalen i Kabuso og avgarde med Bergensbanen i lag med Dag Helleve, Marius Klovning og Jakob Eri Myhre!
Medverkande:
Dag Helleve (tekst)
Marius Klovning (gitar)
Jakob Eri Myhre (trompet)
“Ein veg” er eit samarbeidsprosjekt mellom forfattar Dag Helleve og gitarist Marius Klovning som tar for seg ei reise med Bergensbanen i tekst og musikk.
Prosjektet tar for seg utvalde delar av historien til togstrekninga mellom Voss og Oslo, samt refleksjonar og naturskildringar på vegen.
Musikken er skriven av Klovning og vert framført saman med trompetist Jakob Eri Myhre.
Dette prosjektet er ein del av mastergradsutdanninga til Klovning ved Norges musikkhøgskule og vart framført
for første gong på Voss jazzklubb i september 2020. Etter konserten skreiv Avisa Hordaland blant anna dette:
“Teksten er lun og stemningsfull. Humoristisk og alvorleg på same tid. Saman finn forfattaren og musikarane tonen. Det er tid for refleksjon og ettertanke. Togkupeen
er verkeleg ein stad å drøyme seg vekk”
Klovning og Myhre spelar til vanleg saman i bandet Hullyboo som har eksistert sidan 2012 og som har gitt ut to plater.
Den nyaste, “Farkost”, vart gitt ut på vinyl og cd av Øra Fonogram i 2019 til strålande kritikkar.
Tid
(Fredag) 20:00
Arrangør
Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
sun21mar18:00Kjetil Mulelid soloPianojazz18:00

Om arr.
No har du sjansen til å høyra pianist Kjetil Mulelid igjen - no med eigen solokonsert i Kabuso. Hald av sundag 21. mars kl 18 for gode jazzopplevingar! Sagt om Kjetil Mulelid: -
Om arr.
No har du sjansen til å høyra pianist Kjetil Mulelid igjen – no med eigen solokonsert i Kabuso.
Hald av sundag 21. mars kl 18 for gode jazzopplevingar!
Sagt om Kjetil Mulelid:
– «Hans briljante lek langs hele ferden er ren klasse. Sjelden har jeg latt meg bergta mer av tangenter enn hva tilfellet er her. Det er intet mindre enn imponerende bra og hypnotiserende alt han gjør.» – The Wilhelmsens
– “Pianisten, komponisten og bandlederen Kjetil Mulelid er en flott representant for den nye generasjonen jazzmusikere” – Tor Hammerø
– «So, lately, I’ve been addicted to the music of Kjetil André Mulelid» – Bird is the worm (US)
– «Here and elsewhere, the pianist amplifies the material with intelligence and taste.» – Textura Music (CA)
– “Kjetil Mulelid is not only a fascinating good pianist who draws on music that goes as far as psalm, folk, classical and pop as free jazz, he also knows how to translate these into strong compositions” – Dick Hovenga, Written in Music (NL)
– «Mulelid has carved out a distinctive niche for himself, neatly straddling the cusp between composition and improvisation and avoiding the clichés of both American and Scandinavian jazz.» – Ian Mann, The Jazz Man (UK)
– «Mulelid presses the piano keys, as if he could make the difference between longing and melancholy, with powerful and agile cascades, ostinate increases, pearly embellishments.» – Bad Alchemy (DE)
Tid
(Sundag) 18:00
Billettar på nett
>>> Kjøpfre09apr19:00fre21:30Drink & Draw19:00 - 21:30

Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt fredag 9. april kl 19-21.30! Vertskap og instruktør:TBA Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatører like mykje som profesjonelle. Bill kr 150,- inkl. teiknemateriell og
Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt fredag 9. april kl 19-21.30!
Vertskap og instruktør:TBA
Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatører like mykje som profesjonelle.
Bill kr 150,- inkl. teiknemateriell og valfri drikke frå kaféen/baren:
Vår eigen Storeteigenmost, mineralvatn, vin, øl, kaffi, te etc.
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
lau17apr13:00sun14:00KakaokonsertUnge talent13:00 - 14:00

Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 17. april kl 13! To gongar i løpet av våren 2021 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 17. april kl 13!
To gongar i løpet av våren 2021 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar, i resepsjon: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso

Ung hardingfelespelar under Kakaokonsert
Tid
(Laurdag) 13:00 - 14:00
Arr. på Facebook
>>> Sjekk ut hending på FB!lau08mai(mai 8)00:00sun06jun(jun 6)00:00Vestlandsutstillingen 202100:00 - (juni 6) 00:00

Om arr.
I perioden 8. mai til 6. juni - når Hardanger er på sitt vakraste - kan du gjerne legga turen til Øystese. Her kan du oppleva meir av alt det gode
Om arr.
I perioden 8. mai til 6. juni – når Hardanger er på sitt vakraste – kan du gjerne legga turen til Øystese.
Her kan du oppleva meir av alt det gode regionen har å by på, i form av den årlege Vestlandsutstillingen i Kunsthuset Kabuso.
Vestlandsutstillingen syner verk av kunstnarar som er tilknytt Vestlandet. Utstillinga turnerer vestlandsfylka og skal visa fram samtidskunst av høg kvalitet.
Årets utstilling
Ei rekkje kunstnararar med tilknyting til Vestlandet presenterer ulike uttrykk:
Kristina Aas / Karina Presttun, Kristin Austreid, Æsa Bjørk, Helene Førde, Mona Orstad Hansen, Tina Jonsbu, Tom Kosmo, Gabriel Johann Kvendseth, Cato Løland, Irene Nordli, Tovelise Røkke-Olsen, John K. Raustein, Siri Ekker Svendsen, Kristin Tårnesvik, Brynhild Grødeland Winther
Kuratert av Heidi Bjørgan
Historie
Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har sidan byrjinga vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending.
I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnar-organisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1–3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Vestlandsutstillingen er ei foreining som er eigd av sine medlemmer frå kunstnarorganisasjonane Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Bildende Kunstneres Forening Møre og Romsdal, Bildende Kunstneres Forening Sogn og Fjordane, og Bildende Kunstneres Forening Rogaland, samt Kunsthuset Kabuso, Stiftelsen Kulturkvartalet, Kunsthall Stavanger, Haugesund Kunstforening, Kunstgarasjen og Sunnfjord Kunstlag.
Turneen vert støtta av fylkeskommunane Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland
Tid
Mai 8 (Laurdag) 00:00 - Juni 6 (Sundag) 00:00
lau19jun(jun 19)00:00sun26sep(sep 26)00:00Styrlause prosessar IIutstilling00:00 - (sept 26) 00:00

Om arr.
Del to av utstillinga med kunstnarane Leander Djønne, Cecilia Jonsson, Pierre Lionel Matte og Ingri Haraldsen. Tekst: Tora Sanden Døskeland I samarbeid med Nordisk Kunstnarsenter Dale
Om arr.
Del to av utstillinga med kunstnarane Leander Djønne, Cecilia Jonsson, Pierre Lionel Matte og Ingri Haraldsen.
Tekst: Tora Sanden Døskeland
I samarbeid med Nordisk Kunstnarsenter Dale
Tid
Juni 19 (Laurdag) 00:00 - Sept 26 (Sundag) 00:00
Arrangør
Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau02okt(okt 2)00:00sun03(okt 3)00:00AktteikningKurs00:00 - 00:00 (3)

Om arr.
Helgekurs i aktteikning på Kabuso i Hardanger hausten 2021! I dette kurset får du høve til å teikna etter aktmodell. Å teikna etter levande modell er ei fantastisk, lærerik og utfordrande
Om arr.
Helgekurs i aktteikning på Kabuso i Hardanger hausten 2021!
I dette kurset får du høve til å teikna etter aktmodell. Å teikna etter levande modell er ei fantastisk, lærerik og utfordrande oppleving, som har vore ein sentral del av kunstutdanninga gjennom tidene. Målet er å undersøka kroppens haldningar og rørsler. Kurset er lagt opp som ein kombinasjon av teori og korte og lengre teikneøkter. Du får vegleiing og korrektur tilpassa ditt nivå.
Målgruppe: Alle. Nybyrjarar og erfarne teiknarar.
Instruktør: Marijke Strømmen.
Pris: 2800,-/3825,-*
*inkludert overnatting i enkeltrom med frukost på Hardangerfjord hotel
Lunsj, drikke og snacks er inkludert i prisen begge dagar.
Ta med papir og teiknesaker. Kan tingast ved påmelding for 350,-
Påmelding: karen@kabuso.no innan 17. september
Tid
2 (Laurdag) 00:00 - 3 (Sundag) 00:00
Arrangør
Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Arr. på Facebook
>>> Sjekk utlau16okt(okt 16)00:00sun17(okt 17)00:00Friluft+teikningKurs00:00 - 00:00 (17)

Om arr.
I oktober er Hardanger på noko av sitt vakraste. Bli med kunstnar Wim van den Toorn ut i naturen med teikneblyant og blokk! På dette kurset skal ein jobba med teikning
Om arr.
I oktober er Hardanger på noko av sitt vakraste. Bli med kunstnar Wim van den Toorn ut i naturen med teikneblyant og blokk!
På dette kurset skal ein jobba med teikning i friluft. Å arbeida med friluftsteikning har lang tradisjon i kunsthistoria som til dømes i impresjonismen og nasjonalromantikken. Eksperimentering, undring og sansing står sentralt i arbeidsmetodane me skal utforska. Kurset vil vera ein kombinasjon av kreativ praksis ute i naturen, dialog og forelesingar om temaa kunst og natur.
Målgruppe: Alle. Nybyrjarar og erfarne teiknarar.
Instruktør: Wim van den Toorn.
Pris: 3500,-/4525,-*
*inkludert overnatting i enkeltrom med frukost på Hardangerfjord hotel
Lunsj, drikke,snacks og middag laurdag er inkludert i prisen.
Ta med papir og teiknesaker. Kan tingast ved påmelding for 350,-
Påmelding og spørsmål: karen@kabuso.no
Påmeldingsfrist 1. oktober
Tid
16 (Laurdag) 00:00 - 17 (Sundag) 00:00
Arrangør
Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese