– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Tilgjengelighetsløftet

tys06okt11:3011:3011:30 - 11:30 TilgjengelighetsløftetSeminar

Om arr.

Dato: Onsdag 14. oktober
Tid: 11.00–17.00 (dagens program kjem)
Stad: Amfisalen, Kabuso
Språk: Norsk

Bergen Internasjonale Teater og Bergen Kjøtt arrangerer ein workshop for kulturorganisasjonar i samarbeid med Kunsthuset Kabuso i Øystese onsdag 14. oktober kl. 11.00–17.00. Workshopen er ein del av prosjektet «Tilgjengelegheitsløftet». Ved å samarbeida på tvers av institusjonar ønskjer prosjektet å bidra til eit meir inkluderande kulturliv som er rikare, meir mangfaldig og meir representativt for samfunnet vi lever i. 

Utover synet
Korleis kan vi formidla kunst til personar med nedsett syn eller som er blinde? 

Tilgjengelegheitsløftet inviterer til ein heil dag med fokus på å gjera kunst og kultur meir tilgjengeleg for personar med nedsett syn eller som er blinde.
Dagen byr på inspirasjon frå kulturaktørar som utfordrar grensene for fysisk tilrettelegging, erfaringar med å gjera utstillingar tilgjengelege, og ikkje minst innsikt i korleis synstolking og taktil kunst kan gi fleire høve til å oppleva kulturtilbod som elles er utilgjengelege.

Velkomen til ein dag med fokus på erfaringsutveksling, der vi kan inspirera kvarandre til å utvikla tilgjengelegheitsarbeidet i kunstfeltet!

Prosjektet er støtta av Vestland fylkeskommune og Balansepotten. 

Om deltaking
Det er eit avgrensa tal på plassar, så deltakinga di vil bli stadfesta. Deltaking er gratis, og lunsj er inkludert.
For deg som ønskjer å delta, men må reisa frå Bergen eller andre stader i fylket, dekkjer vi utgifter til kollektivtransport med inntil 300 kr. Utgiftene blir refunderte mot faktura og kvittering.
Dersom reisekostnadene dine overstig 300 kr, og dette er avgjerande for at du skal kunna delta, ta gjerne kontakt med oss. Vi kan då sjå på moglegheitene saman. 

Vi har teke omsyn til busstidene til og frå Bergen i planlegginga av dagen. 

For spørsmål, ta kontakt med Jay van der Vlist (jay@bitteater.no / +47 940 88 690) og Annett Garvik (annett@bergenkjott.org / +47 997 98 246).

Mer informasjon om Tilgjengelighetsløftet

Tid

6. okt. 2026 11:30 - 11:30

Påmelding