– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

YrrY

fre18sep19:00YrrYKonsert: Borealis Ung komponist19:00(GMT+00:00)

Om arr.

Opplev trioen YrrY presentera verk av fire ulike unge komponistar – i Kabuso fredag 18. september kl 19!

YrrY er årets ensemble i Borealis Ung Komponist – mentorprogrammet knytt til Borealis festival for eksperimentell musikk.
Dette er eit program for unge, lovande musikkskaparar som er i startfasen av komponistkarriera si, der dei får jobba med internasjonalt anerkjende mentorar og eit lokalt ensemble i utviklinga av nye verk. Verka hadde premiere under Borealis i mars 2020 og kjem no til Kabuso!

Den bergensbaserte trioen YrrY kombinerar to av dei eldste måtane å laga musikk på – stemme og perkusjon – på nye og overraskande måtar.
Trioen utforskar akustikk, elektronikk og fysiske moglegheiter i improvisert og nyskriven musikk. Dei fire verka som YrrY presenterar nyttar alt frå tale, barnevogner, popcorn og rørsle for å skapa lyfbilete som stimulerar kropp og sjel.

Vokalist Mari Galambos Grue spesialiserar seg i samtidsmusikk og tidlegmusikk, med fokus på stemma si moglegheit til å uttrykka kjensler og identitet.
Perkusjonistane Håkon Skjæret og Owen Weaver deler ein lidenskap for ny musikk og uvanlege instrument, i tillegg til å vera kollegaer i BIT20 Ensemble som utøvarar og formidlarar.

 

Om komponistane:

  • Eva Pfitzenmaierer fødd og oppvaksen i Tyskland, har studert jazzvokal på konservatoriet i Amsterdam, og har vore busett i Bergen siden 2008. Hun jobbar sjangeroverskridane som vokalist, performer, komponist og tekstforfattar mellom anna i soloprosjektet By The Waterhole, i samarbeid med koreografar og med produksjon og framføring av eigne scenekunstforestillingar. Musikken hennar hentar inspirasjon fra både samtidsmusikk, elektronisk- og populærmusikk samt tradisjonell musikk frå heile verda.
    Eva utforskar korleis forskjellige kunstneriske uttrykk kan kombinerast for å skapa heilskaplege verk, og prøver å finna dei korte augneblinkane av ustabilitet og skjørheit i ein performance, eit musikkstykke eller ein tekst, som gjenspeglar det menneskelige som me alle kan kjenna oss igjen i.
  • Hilde Annine Hasselberg er ein norsk sopran, utøvar og komponist busett i Bergen. Ho har mastergrad i klassisk song frå Griegakademiet i Bergen, og begynte å komponera etter at hun fullførte videreutdanningen i Live Electronics ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Repertoaret hennar som songar spenner frå tidlegmusikk og opera til samtidsmusikk og moderne teater. Som komponist let ho seg inspirera av naturlege lydar, situasjonar og kjensler. Hennar største arbeid hittil er verket Vindkraft som er skrive for vokal, to hangglidere (!) og elektronikk.
  • Aslak Bjørge Hermstad er ein komponist med utdanning frå Griegakademiet i Bergen. Musikken hans består ofte av langsomme lydlandskap, og han jobbar både med notert- og elektronisk musikk. Han hentar inspirasjon frå mange sjangerar, og er stor fan av filmskaperen David Lynch. Som komponist er han usikker, forvirret og glad i å eksperimentera – han er djupt interessert i dei politiske og sosiale sidene av å komponera.
  • Steinar Yggeseth er ein komponist frå Oslo. Han arbeidar med det han kallsr soniske relasjonar. Musikken hans har ofte basis i ulike klanglege kvalitetar og spelar seg ut ein stad mellom klang og tone. I verka er det lyden eller lydmodellar som er gjenstand for utforsking i musikken. Ofte er improvisasjon eller improvisatoriske element ein del av Yggeseth sine verk, anten som ledd i komposisjonsprosessen eller inkorporert i framføringa av verket.

Arr: Borealis festival for eksperimentell musikk og Kunsthuset Kabuso

>>> Publikumsinfo frå premieren

>>> Nettstaden for Borealis

Billettar på nett

>>> Kjøp

Arr. på Facebook

>>> Sjekk ut