James Webb
lau24mai00:00sun24aug00:0000:00 - (aug. 24) 00:00 James WebbSlowly, slowly, and then all at once
Om arr.
24.5 – 24.8 2025 James Webb presenterer ein serie med lydverk i utstillinga. Verket A series of personal questions addressed to the Folgefonna glacier er planlagt sett opp
Om arr.
24.5 – 24.8 2025
James Webb presenterer ein serie med lydverk i utstillinga.
Verket A series of personal questions addressed to the Folgefonna glacier er planlagt sett opp med ein høgtalar plassert i tilknyting til breen i Ullensvang.
Høgtalaren skal sende spørsmål til Folgefonna på norsk og engelsk. Publikum vil kunne lytte til (det svarlause) intervjuet, på handlaga benkar av Philipp von Haase i Kabuso.
Gjennom dei store vindauga i utstillingssalen kan dei samstundes kunne sjå breen på andre sida av fjorden, om været er godt.
Utstillinga vil også vise ei rekke andre prosjekt, inkludert eit stadstilpassa lydverk for Ingebrigt Vik museum og ein versjon av There’s No Place Called Home (Øystese).
Det siste er opptak av fuglar frå andre kantar av verda, spelt frå høgtalarar gøymd i tre i parken rundt museet.
Støtta av Kulturrådet og Konstnärsnämnden
Tid
24. mai 2025 00:00 - 24. aug. 2025 00:00