Kenneth Varpe
lau24mai00:00sun24aug00:0000:00 - (aug. 24) 00:00 Kenneth VarpeFoajeutstilling
Om arr.
24.5 – 24.8 Maleria til Kenneth Varpe er inngåande nærstudiar av små fargesterke flekkar med oljefarge. Flekkane er bedragersk naturtru – ein illusjon av røynda. Varpe har dei seinaste åra
Om arr.
24.5 – 24.8
Maleria til Kenneth Varpe er inngåande nærstudiar av små fargesterke flekkar med oljefarge. Flekkane er bedragersk naturtru – ein illusjon av røynda.
Varpe har dei seinaste åra arbeidd med maleri der malinga både er materialet han nyttar og motivet han avbildar.
Det kunstnarlege prosjektet kretsar seg om å finna ein meiningsfull måte å arbeida med maleriet, der formale interesser vert kombinerte med omgrep som representasjon og avbilding.
Verka, med sine ulike fargesamansettingar og variasjonar av strøk, er ofte respons på spesifikke situasjonar.
Det kan til dømes vera sjølvopplevde landskap og stadar eller konkrete motiv frå maleriet si historie.
Varpe (f.1978, Klepp) har en MA i Fine Art fra Chelsea College of Art & Design, og en BA(Hons) i Fine Art Painting fra Grays School of Art & Design.
Varpe har ei soloutstilling i LNM i 2025, og nylege utstillingar inkluderer skoleutstillingane «Det som viser seg» i Haugesund kunstforening 2023, «Fluid Pose» i Bryne Kunstforening 2020, og gruppeutstillingane Høstutstillingen 2022, «Fra Balkongen» Stavanger kunstmuseum, 2020 samt Vestlandsutstillingen 2019.
Tid
24. mai 2025 00:00 - 24. aug. 2025 00:00