– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mai 2021

fre14mai20:00Rumi Songsav Trygve Seim20:00

Om arr.

Endeleg kjem vidgjetne Rumi Songs til Kvam og Kabuso – gå ikkje glipp av dette fredag 14. mai kl 20!

Rumi Songs baserar seg på ei komposisjonsbestilling finansiert av Norsk kulturråd. Tora Augestad bestilte ein songsyklus av Trygve Seim, der musikken blei komponert på den amerikanske poeten Coleman Barks sine gjendiktningar av den persiske sufimystikaren og diktaren Jelaluddin Rumi.

Ensemblet (Trygve Seim Nordic Orient) består av saksofonist og komponist Trygve Seim, vokalist Tora Augestad, accordionist Frode Haltli og cellist Svante Henrysson, poet Erling Kittelsen og lydprodusent Asle Karstad.
Erling Kittelsen har gjendikta ei rekkje sufipoetar, deriblant Rumi.

Kittelsen fortel om Rumi og sufismen og reisterer eigne Rumi-gjendiktninger mellom musikkstykka og byr også på resitasjon av spesialkomponert instrumentalmusikk.

» – Jelaluddin Rumi er persarane sin store nasjonalpoet, fødd i 1207 i Balkh, som no er ein del Afghanistan, og han vaks opp i Tadsjikistan før han flytta til den anatolske byen Konya, der han var religiøs lærar og diktar. Toleranse og openheit er sentrale emne i det han har skrive. Den første songen eg skreiv gjekk så utruleg lett å skrive, mest som han skreiv seg sjølv. han vart også veldig vakker, tykte eg. Etter det fekk eg lyst til både å dykke djupare ned i poesien til Rumi, og ikkje minst også til å lage ei bok med songar basert på Rumi’s dikting, til å fylle ein heil konsert.»
(Seim)

Trygve Seim er utdanna jazzmusikar på jazzkonservatoriet i Trondheim og har sidan 1992 jobba heiltid som musikar, komponist og arrangør. Utgitt 9 album på den prestisjetunge tyske plateselskapet ECM, 7 av dei som bandleiar og komponist og/eller co-leiar og spelar på rekordmange ECM-utgivelser; 22 stk totalt. Saksofonisten har sett sitt preg på nyare norsk jazzhistorie via grupper som Airamero, Oslo 1300, The Source og Trygve Seim Ensemble. Seim har også studert egyptisk musikk og jobba i band leia av Manu Katché, Iro Haarla, Jacob Young og Sinikka Langeland.

Allsidigheita til mezzosopran Tora Augestad inspirerar komponistar, regissørar, dirigentar og andre musikarar. Vokalt lar ho seg vanskeleg setja i bås – som utøvar er ho fleksibel, uttrykksfull, presis, scenisk overbevisande og har ein uvanleg personlegdom. Augestad viar seg til repertoar frå det 20. og 21. århundre og meistrar eit stort spenn av uttrykk.

Svante Henryson var Umeås unge rockbassist som bytta til jazz. Det openberre talentet og ei robust utdanning førte Henryson til ein posisjon som solobassist i Oslo Filharmoniske Orkester. Men Svante Henryson ville vidare. Med elbass i bagasjen drog han til USA og slutta seg til gitarlegenda Yngwie Malmsteen sitt hardrockband, som han dessutan utvida med ein cello. Som ein av Nordens leiande bassistar i talrike konstellasjonar over sjanger- og landegrenser har Svante Henryson med tida profilert seg som ein karismatisk solocellist og kammermusikar i breid forstand – og er svært etterspurt av toppmusikere som Martin Fröst og Anne Sofie von Otter. Denne mangesidige multimusikaren har dei siste åra hatt stor suksess som komponist og står blant anna bak eit prisbelønt verk for solofiolin og oratoriet ‘Vidderna inom mig’ til tekstar av Nils-Aslak Valkeapää.

Frode Haltli har sidan 2011 undervist i akkordeon ved Norges musikkhøgskole. Haltli er utdannet ved Norges musikkhøgskole og solistklassen ved Det Kgl danske musikkonservatorium. Han har vunne NM i trekkspel sju gongar, vant NRKs Talentiaden i 1991 og mottok Hedmark fylkes kulturpris i 1991, samt sølv i den internasjonale Gaudeamus-konkurransen i 1999. Under Festspillene i Bergen 2000 blei han kåret til Rikskonsertane sin «Årets unge artist» 2001. Mottok samme år «Musikkens venners Debutantpris».

Omtalar:
>>> Tor Hammerø – Uendelig vakre sanger
>>> Salt Peanuts

Tid

(Fredag) 20:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar på nett

>>> Kjøp

Arr. på Facebook

>>> Sjekk ut

Opningstider

T.o.m. 18. juni:
Ons-fredag kl 11-15
Laur+sundag kl 11-16

19. juni: Utstillingsopning, ope hus frå kl 13

20. juni-29. august:
Tys-sundag kl 11-17

Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987
E-post: post@kabuso.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Opening hours

Till and incl. June 18:
Wednesday-Friday 11 AM-3 PM
Sat+Sunday 11 AM-4 PM

June 19: Exhibition opening, open from 1 PM

June 20-August 29:
Tues-Sunday 11 AM-5 PM

Contact

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
+ 47 474 79 987
post@kabuso.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X