– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mars 2021

lau06mar(mar 6)12:00sun07(mar 7)23:00Tropisk filmfestival12:00 - 23:00 (7)

Om arr.

Helga 6.-7. mars kan du bli med på Tropisk filmfestival – i Øystese.
Tropisk filmfestival er eit høve til å synka ned med lune filmopplevingar med handlinga lagt til varme strok på jorda.
Det vert topp stemning i Kabuso med fruktige drinkar og tropiske lydspor i baren!


PROGRAM

Laurdag 6. mars

  • Kl 12.00: Jungelboken (Regi: Wolfgang Reitherman USA, 1967. 1 t 15 min. Språk: engelsk. Norske undertekstar)
  • Kl 18.00: Den blå lagune (Regi: Randal Kleiser USA 1980. 1 time 45 min. Språk: engelsk, engelske undertekstar)
  • Kl 20.30: Djevelens trekkspill (Regi: Ciro Guerra, Colombia 2009. 2 t 4 min. Språk: spansk, norsk undertekstar)

 

Sundag 7. mars

  • Kl 17.00: Jakten på den grønne diamant (Regi: Robert Zemeckis, USA 1984. 1 time 41 min. Språk: engelsk, engelske undertekstar)
  • Kl 19.30: Onkel Boonmee som kan erindre sine tidligere liv (Regi: Apichatpong Weerasethakul, Thailand 2010, 1 time 43 min. Språk Thai, norske undertekstar)

Alle filmane vert introdusert av medievitar og kurator for programmet, Anders Lysne

 



OM FILMANE

  • Jungelboken
    (Regi: Wolfgang Reitherman USA, 1967. 1 t 15 min. Språk: engelsk, norske undertekstar)
    Disney sin tidlause versjon av jungellivet, inspirert av bøkene til Rudyard Kipling, er fylt med spenning, humor og herleg swingande musikk. Den vesle guten Mowgli veks opp i jungelen hos ein ulvefamilie, men då den fælslege tigeren Shere Khan vender tilbake, vert Mowgli tvinga på flukt. Heldigvis er det hjelp å hente frå den strenge panteren Bagheera og den sorglause bjørnen Baloo.


  • Den blå lagune
    (Regi: Randal Kleiser USA 1980. 1 time 45 min. Språk: engelsk, engelske undertekstar)
    Hyperromantisk eventyrdrama om seksuell oppvakning hos to ungdommar stranda aleine på ei frodig middelhavsøy etter eit dramatisk skipsforlis. Filmen sine vel-promoverte kjærleiksscener skapte sterke reaksjonar ved premieren i 1980, mykje grunna den unge alderen til hovudpersonane. Gled deg til høg kitsch-faktor og svimlande vakkert foto


  • Djevelens trekkspill
    (Regi: Ciro Guerra, Colombia 2009. 2 t 4 min. Språk: spansk, norsk undertekstar)
    I regissør Ciro Guerra sitt hypnotiserande drama er trekkspelet eit mytisk instrument som seiast å ha tilhøyrt djevelen. Ignacio Carillo har alltid reist frå landsby til landsby for å underhalde med instrumentet sitt. Når kona døyr, bestemmer han seg for å oppsøke sin gamle læremeister og levere trekkspelet tilbake, slik at han aldri meir kan spele. Bli med på ei musikalsk og visuelt hypnotiserande reise gjennom karibisk Colombia, den magiske realismen si vogge.

  • Jakten på den grønne diamant
    (Regi: Robert Zemeckis, USA 1984. 1 time 41 min. Språk: engelsk, engelske undertekstar)
    Det velopplagte samspelet mellom Kathleen Turner og Michael Douglas i hovudrollene som romanforfattaren Joan og eventyraren Jack, osar av klassisk Hollywoodmagi i dette heseblesande høgdepunktet i den romantiske actionkomediesjangeren. Når Joan tvingast til å reise til Sør-Amerika for å få satt fri si kidnappa søster og får uventa hjelp frå Jack, blir det starten på ein vill jakt gjennom eit tropisk landskap, tettpakka med røvarar, rovdyr og romantikk.

 


  • Onkel Boonmee som kan erindre sine tidligere liv
    (Regi: Apichatpong Weerasethakul, Thailand 2010, 1 time 43 min. Språk Thai, norske undertekstar)
    Onkel Boonmee er alvorleg sjuk og har valt å tilbringa sine siste dagar på landsbygda, omgitt av sine næraste. Her dukkar både spøkelset til den døde kona opp for å ta vare på ham, og den sakna sonen kjem heim i ei ikkje-menneskeleg form. Thailandske Apichatpong Weerasethakul si poetiske spøkelsesforteljing er sær, sår og djupsindig forteljarkunst som vil heimsøke sjela til publikum for alltid.

 


Billettar og prisar
Festivalpass: 200,-/140,- (medlem i Kvam filmklubb)
Einskildbillett: 75,- (Jungelboken: 50,- barn/gratis for medlem i Bornas Kabuso)
>>> Billettar/pass kjøper du her 

I samarbeid med Kvam filmklubb

Tid

6 (Laurdag) 12:00 - 7 (Sundag) 23:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar på nett

>>> Kjøp

Arr. på Facebook

>>> Sjekk ut

Opningstider

T.o.m. 18. juni:
Ons-fredag kl 11-15
Laur+sundag kl 11-16

19. juni: Utstillingsopning, ope hus frå kl 13

20. juni-29. august:
Tys-sundag kl 11-17

Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987
E-post: post@kabuso.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Opening hours

Till and incl. June 18:
Wednesday-Friday 11 AM-3 PM
Sat+Sunday 11 AM-4 PM

June 19: Exhibition opening, open from 1 PM

June 20-August 29:
Tues-Sunday 11 AM-5 PM

Contact

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
+ 47 474 79 987
post@kabuso.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X