juni 2019

02jun12:0015:00Solveig Landa, performance og bokstuntFinissage VU2019

Les meir

Om arrangementet

Program:
12-13.30 Performance ved PAB Open Session
14.00 Solveig Landa om «Eg tyr til magi»
14.30 Bokstunt: Glasfjorden med Kit Kelen og Odveig Klyve

Siste visningsdag for Vestlandsutstillingen 2019 – Vi er stedene. Kabuso er ope 11-16.

SOLVEIG LANDA vil snakka om korleis ho har jobba med det stadspesifikke verket «Eg tyr til magi», som har vore vist i Kabuso som ein del av Vestlandsutstillingen 2019. «Eg tyr til magi» undersøker magi og gamle ritual gjennom gjenstandar funne i naturen. Blomar plukka på Jonsok er tørka og knust til pulver og vert oppbevart i skinn-, silke- og papirposar som heng frå eit tau spesiallaga på Fartøvernsenteret. To store jarnringar, som også er produsert lokalt, er sentrale i Landa sitt verk som undersøkjer korleis naturen sine heilande krefter kan overførast til kunsten.

PAB Open Session
Utandørs performance med ulike aktørar frå performance-miljøet i Bergen. Her kan alt skje. Møt opp utanfor Kabuso.

Bokstunt GLASFJORDEN
Kit Kelen og Odveig Klyveles les dikt frå ”Glasfjorden” på engelsk og norsk. Dei som møter opp her, vil få høve til å ta med seg eit gratis eksemplar av boka. Den australske poeten, kunstmålaren og litteraturprofessoren Kit Kelen har hatt fleire opphald i kunstnarbustaden ”Messen” i Ålvik . Månadane her har inspirert han til å skriva dikt om landskap, årstider og folk. Desse dikta er no publiserte i ei diktsamling i Australia. Eit av dikta, «Takk for alt», er òg med i den årlege journalen «Best Australian Poems».

Boka ”Glasfjorden” er eit utval av Kelens «Hardanger poems», gjendikta til norsk av Odveig Klyve.

Tid

(Sundag) 12:00 - 15:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Arrangør

Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese


Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no


Nyhendebrev


Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso


Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar


Contact

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no


Nyhendebrev


Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso


Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

X