– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

okt. 2022

lau01okt00:00fre30des(des 30)00:00Fjordmelk JordtåkeUtstilling(okt. 1) 00:00 - (desember 30) 00:00

Om arr.

Utstillinga Fjordmelk Jordtåke er eit samarbeid mellom Stine Gonsholt og Åse Løvgren og gruppa Skifte.Land, som er sett saman av Malin Lobell, Frøydis Lindén og Sidsel Bonde. Kunstnarane har over tid undersøkt landskapet kring Øystese og Hardangerfjorden med ulike målestokkar. Dei har observert, segla, omarbeidd data og reflektert. Dei har òg invitert andre til å bidra. Verka som vert vist speglar desse ulike prosessane.

Arbeidet Bakkeobservasjoner av Stine Gonsholt er omarbeidde kart som viser dei hydrologiske forholda i landskapet. Åse Løvgren har arbeidd med 3D-modellar av mose og lav frå Øystesevassdraget. I tillegg viser Løvgren og Gonsholt ein tre-kanals videoinstallasjon: The Universal Machine som mellom anna fortel om vervarselet si rolle under utviklinga av datamaskina
Støtta av Norsk Kulturråd, Bergen Kommune, BEK – Bergen senter for elektronisk kunst og Bildende kunstneres hjelpefond.

Som del av utstillinga inviterte Skifte.Land i september til eit seglande symposium, (F)jorden. Hardangerjakta Mathilde vart lasta med kunstnarar, forskarar, fagfolk og frukt for reisa frå bygdene i indre Hardanger til Bergen by. Deltakarane på (F)jorden viser i utstillinga verk dei har utvikla undervegs, og som reflekterer dei sentrale spørsmåla i symposiet – mat, historie, kunst og spørsmål kring korleis eit framtidig grønt og blått skifte kan gjerast mogleg. Jakta Mathilde er tungt tilstade som teikning i 1:1. Andre spor frå symposiet finn me som film og objekt. Utstillinga får òg eit påfyll av kunstverk undervegs, og med det kjem nye inntrykk til og sett utstillinga i rørsle.

(F)jorden-deltakarar:
Sabine Popp, Anna Liljedal, Ingela Ihrmann, Bobrikova & de Carmen, Peter Dean, Jonas Bentzer, Sara Nielsen Bonde, Marie Skeie, Hannes Norr, Inger Valeur, Håkan Wallander, Hanne Frosta og gruppa (p)Art of the Biomass med Janna Holmstedt, Karin Wegsjö og Malin Lobell.

Støtta av Vestland Fylkeskommune, Billedkunstnernes Vederlagsfond, Regionale midler frå kunstsentrane i Norge og Nordisk Kulturfond.

>>> Sjå nettstaden for Skifte.Land

Tid

Okt. 1 (Laurdag) 00:00 - Desember 30 (Fredag) 00:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Arr. på Facebook

>>> Sjekk ut
X