– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Restaurering av vindauge

tys07mar(mar 7)18:00tys28(mar 28)21:00Restaurering av vindaugeFå skikk på vindauga dine18:00 - 21:00 (28)(GMT+00:00)

Restaurering av vindauge. Vindauge vert kitta.

Om arr.

 

Kurs i restaurering av vindauge

Hardanger folkemuseum arrangerer kurs i restaurering av vindauge, tysdagar i mars 2023.

Ein vel sjølv om ein vil restaurera vindauge med blysprosser eller tresprosser. Ta gjerne med eigne vindauge om du har, elles har museet vindauge ein kan jobba med. Ta gjerne også med tommestokk, blyant, kniv, hoggjern og fintanna sag om du har det. Me har glas, kitt, linoljemåling og virke til spunsing.

Kurslærar er Gunnar Kjerland. Han er tidlegare handverkar på Hardanger folkemuseum, og har lang og spesialisert erfaring med restaurering av vindauge.
 

Tidspunkt, stad og påmelding

Kurset går kvar tysdag i mars, frå kl 18 – 21. Oppstart tysdag 7. mars kl 18.
Påmelding til post@hvm.museum.no / tlf 474 79 884 innan 15. februar
Kurset vert i skulekjellaren i museumstunet, i den gamle skulestovo frå Djønne.
 

Pris

1600,- for heile kurset
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter forbruk.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Anne Lise Brask Eriksen, tlf 99 29 65 08, anne.lise.brask.eriksen@hvm.museum.no

Andre kurs finn du her

Tid

7 (Tysdag) 18:00 - 28 (Tysdag) 21:00(GMT+00:00)