– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ragna Bley

lau20jan(jan 20)00:00lau31mar(mar 31)23:59Ragna BleyZooid(januar 20) 00:00 - (mars 31) 23:59(GMT+00:00)

Ragna Bley Zooid i Kunsthuset Kabuso, Øystese

Om arr.

Vinteren 2018 syner Ragna Bley (f.1986) utstillinga Zooid i Kabuso. Utstillinga består av ein serie store måleri på ubehandla seglduk og ei rekkje små bronseskulpturar sett saman til ein heilskap.

Måleria er tre meter høge og abstrakte i uttrykket. Uttynna akrylmåling på den kvite seglduken får fargane til å flyta ut og over i kvarandre på ein måte som minner om akvarell. I bileta trer det fram organiske og svevande formar som vert gjentekne i dei bitte små, knudrete bronsefigurane ein finn på golvet. Zooid er eit omgrep henta frå naturvitskapen og viser til dyr eller organismar som er del av ein større koloni, som til dømes algar og korallar. Elementa i utstillinga framstår og som ein heilskap, ein totalinstallasjon.

Ragna Bley er fødd i Uppsala i Sverige, men bur og arbeider i Oslo. Ho er utdanna ved Kunstakademiet i Oslo og Royal College of Art i London. Bley har fått internasjonal merksemd og har stilt ut i mellom anna Hamburg, London og New York. Utstillinga Zooid har tidligare vore vist på Munchmuseet i bevegelse – Kunsthall Oslo.

>>> Sjå gjerne www.ragnabley.com

>>> Tekst om Ragna Bley og Zooid

Tid

Januar 20 (Laurdag) 00:00 - Mars 31 (Laurdag) 23:59(GMT+00:00)