PANDEMIC SOLUTION
sun20feb14:00PANDEMIC SOLUTIONSMITTSAM SPELEGLEDE!
Om arr.
KABUSO er takka vere gode lokale krefter innehavar av eitt av dei flottaste Steinway-flygela i landet. Saman med ein konsertsal med nydeleg akustikk legg dette tilhøva til rette for konsertopplevingar
Om arr.
KABUSO er takka vere gode lokale krefter innehavar av eitt av dei flottaste Steinway-flygela i landet. Saman med ein konsertsal med nydeleg akustikk legg dette tilhøva til rette for konsertopplevingar av dei sjeldne.
Leiv Ove Andsnes sa dette etter sin konsert i Kabuso i 2016: «Det var veldig moro. Eg fekk ein kjensle av noko internasjonalt, til dømes det eg opplever i land som Japan. Eg likte denne salen veldig, veldig godt.»
Tenk det. Her. I Øystese.
Denne sundagen, klokka 14:00, får me besøk av ein pianist, ein bassist og ein trommeslagar av internasjonalt kaliber.
NORVALD DAHL – FLYGEL
INGEBRIGT HÅKER FLATEN – KONTRABASS
HÅKON MJÅSET JOHANSEN – TROMMER
Pandemic Solution såg dagens lys i oktober 2020, då pianist Norvald Dahl inviterte bassist Ingebrigt Håker Flaten og trommeslager Håkon Mjåset Johansen til Fosnavåg for å gjere ein konsert saman!
Dahl har handplukka dette ensemblet med tanke på å etablere ein jazztrio som det verkeleg gnistrar av! Debutkonserten blei ein suksess og det blei fort vedteke at dette bandet er verdt å satse på for alvor. Pandemic Solution spelar hovudsakleg musikk komponert av Norvald Dahl, men har og med seg nokre klassikarar frå jazzrepertoiret. Musikken er forankra i den gode amerikanske jazztradisjonen, men har og referansar til moderne Nordiske utøvarar som Esbjørn Svensson trio. Musikken er engasjerande og frisk, takka vere glimrande samspel og god kjemi i bandet. Dahl tek sikte på å skrive meir musikk spesifikt for dette bandet, og håper at dette resulterer i både turné og plateinnspeling til neste år. Deretter vil det vere klart for internasjonale markedet.
Norvald Dahl er i frå Fosnavåg og har nyleg gitt ut sitt tredje album som musikalsk leiar. Han fullførte i 2019 Mastergrad i jazzpiano ved Norges Musikkhøyskole og har tidlegare studert jazz ved både Rogaland Musikkonservatorium og NTNU- Trondheim. Dahl har dei siste åra vore ein aktiv freelance musiker og pedagog, i tillegg til å ha leia ei rekkje spennande musikalske prosjekt av både nasjonal og internasjonal karakter. Han er kanskje mest kjent for samarbeidet med den amerikanske saksofonisten Jon Irabagon og som «sideman», med «Wayne Brasel group». Dahl har turnert i land som Norge, Irland, Frankrike, Spania, Ukraina, og spelt på klubbar som BeFlat[1]Madrid, Jamboree- Barcelona, JJ Smyths- Dublin og LaGare- Paris.
Albumet «Organic Chamber», med Mats Eilertsen og Jon Irabagon fekk fekk denne omtala i pressa: «This album is a treasure chest of musical gems, which can be discovered anew with each consecutive listening session. Its diversity and richness is exceptional and its delicate non-aggressive expressionism, in contrast to many other Avant[1]Garde offerings, is a true blessing. Listeners with very little previous experience of Avant-Garde music should be perfectly capable of enjoying this album in full, which is one of its great virtues. In many respects this album is an instant classic, not only within the Avant-Garde idiom, but in every environment where honest and adventurous music can be appreciated and loved. Kudos to AMP Music label for releasing this gem. Wholeheartedly recommended!» – Adam Baruch «The soundtrack of my life»
Her er kva den amerikanske anmeldaren Troy Dostert seier om albumet The Vision:
…Dahl is quickly working his way into the ranks of the most notable talents on the Norwegian jazz scene. In its strongest moments, The Vision suggests that Dahl is approaching his peak, and with his ambitious recording trajectory he may get there sooner rather than later.
Bassist Ingebrigt Håker Flaten har sidan 1995 vore ei drivande urkraft i norsk jazz. Med sitt energiske spel har han vore ein sentral del i grupper som The Thing, Atomic, Free Fall, Scorch Trio og Kornstad/Håker Flaten Duo. I 2006 flytta han til Chicago og etablerte The IHF Chicago Quintet/Sextet, og har i dei seinare åra vore busett i Texas der han etablerte Austin-bandet Young Mothers. Flaten turnérer verda rundt og har bla spelt med musikarar som Frode Gjerstad, Dave Rempis, Bobby Bradford, AALY Trio, Ken Vandermark, Stephen Gauci, Tony Malaby, Daniel Levin, Dennis Gonzalez og mange fleire. I år fekk IHF det ærefulle oppdraget å komponere musikk for årets Vossajazz!
Trommeslager Håkon Mjåset Johansen har posisjonert seg som ein av dei fremste musikarane landet vårt har å by på, og blei i 2008 utpeikt som den første NTNU-jazzambassadør, ein tittel som årleg tildelast ein jazzartist eller -gruppe som «på ein fremragande måte fungerer som ambassadør for NTNU og jazzmiljøet i Trondheim.» Han gjekk ut fra Jazzlinja ved NTNU i 1995 og slo tidlig igjennom med trioen Urban Connection og blei så kåra til «Årets unge jazzmusikere» i 1998. Samtidig var han medvirkande i profilerte grupper som Motif, Come Shine og Trondheim Jazz Orchestra som spelte med Chick Corea på Moldejazz i 2000. Mjåset Johansen har og spelt med store stjerner som Michael Brecker, Steve Grossman, Jan Garbarek, Mark Turner, Roger Kellaway, og Nils Petter Molvær. I 2013 vann han DnB-prisen på Kongsberg Jazzfestival.
Tid
(Sundag) 14:00(GMT+00:00)
Billettar på nett
BILLETTAR FINN DU HERProgram
Arr.type
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum