– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Onnedag

ons05jul18:00ons20:00OnnedagKrotakakebaking, hesjing, lauving18:00 - 20:00(GMT+00:00)

Om arr.

Onsdag 5. juli kl 18.00 er det aktivitetsdag på Skredhaugen

Skredhaugens vener lagar til arrangement på Skredhaugen mange onsdagar gjennom sommaren. Onsdag 5. juli er det onnedag med fleire kjekke ting å halda på med. Geitene treng høy, og dette skal me turka på hesjer. Me skal laga lauvkjerv. Og så vert det nysteikte krotakaker i mosstova. Utstillinga Glimt frå ein barndom og kunstsamlinga etter Jon Bleie er ope. Venelaget serverer kaffi og noko godt å eta. Små og store er hjarteleg velkomne.

Tid

(Onsdag) 18:00 - 20:00(GMT+00:00)