Olav Christopher Jenssen
lau04junHeile dagensun25sep(Heile dagen) Olav Christopher JenssenColibri in Hardanger
Om arr.
Olav Christopher Jenssen (f. 1954) vert rekna for å vera ein av vår tids viktigaste kunstnarar. Dei abstrakte, ofte fargesterke måleria og installasjonane hans, tek utgangspunkt i natur og landskap.

Utstillinga Colibri i Hardanger syner ei rekkje nye verk, måleri og skulptur som ikkje har vore vist i Noreg tidligare. Utstillinga er Jenssen sin fyrste på Vestlandet sidan han var festspelkunstnar i Bergen i 2000 med Palindrome. Inkluderer og illustrasjonar Jenssen har gjort til Jon Fosse sine dikt som nyleg er gitt ut i Tyskland.
Omvising i utstillinga kvar sundag klokka 12.30.
Utstillinga har fått forlenga visningsperiode og står t.o.m. sundag 25. september.
>>> Plakat Olav Christopher Jenssen Colibri i Hardanger
>>> Publikumstekst Olav Christopher Jenssen
Tid
4. juni 2016 - 25. sept 2016 (Heile dagen)