"...og i spelet kunne sorga letna og bli til flog..."
Om arr.
I samband med Jon Fosse sitt 60-årsjubiluem denne hausten, har felespelar Knut Hamre og dramaturg Ola E. Bø sett saman eit program med hardingfeleslåttar og opplesing. Musikken er henta frå
Om arr.
I samband med Jon Fosse sitt 60-årsjubiluem denne hausten, har felespelar Knut Hamre og dramaturg Ola E. Bø sett saman eit program med hardingfeleslåttar og opplesing. Musikken er henta frå den rike folkemusikktradisjonen i Hardanger, og tekstene er henta frå Triologien til Fosse, som består av Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Her møter ein mange skildringar av det å spela og å vera spelemann, og Fosse si, særmerkte stil står godt til dei musikalske uttrykka som ligg i hardingfeleslåttane.
Knut Hamre er mellom våre fremste og mest meritterte utøvarar på hardingfele, og den store nestoren når det kjem til tradisjonsmusikken frå Hardanger. Ola E. Bø er tidlegare dramaturg og språkrettleiar ved Det Norske Teateret. Han har lagd ei rekkje verk til rette for teaterscena, og omsett teaterstykke og musikalar.
«…og i spelet kunne sorga letna og bli til flog…» er nyprodusert og vert framførd hausten 2019 i Oslo, Bergen og på Utne.
Billettar: 250,-
Kaféen er ope i forkant frå klokka 16:00.
(foto: Elisabeth Emmerhoff)
Tid
(Sundag) 17:00(GMT+00:00)
Arrangør
Program
Arr.type
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum