Nina Grieg
lau26novHeile dagen(Heile dagen: laurdag) Nina GriegThere
Om arr.
Sidan 2003 har Nina Grieg arbeidd med eit prosjekt kalla There. Prosjektet inneheld maleri laga av augesminke på lerret. For Nina Grieg er maleri ein måte å bearbeide informasjon på. Motiva
Om arr.
Sidan 2003 har Nina Grieg arbeidd med eit prosjekt kalla There. Prosjektet inneheld maleri laga av augesminke på lerret.
For Nina Grieg er maleri ein måte å bearbeide informasjon på. Motiva blir henta fra webkamera, fotografi og andre kjelder knytt til massemedia. Utgangspunktet for maleria er gjerne bilete som minner om andre stader, reelle eller fiktive, som viser til ei parallell indre verd trigga av minne og gjenkjenning.
Grieg tek gjerne i bruk bilete som utfordrar maleriske problemstillingar, der bruk av teknikk kan gje nye vinklingar og perspektiv.
Teknikken ho nyttar er å bearbeida informasjon med augesminke på lerret. Ho kan òg nytta augesminke i lag med olje, framleis på lerret. På denne måten blir motiva bygga opp lag på lag. Kvart lag må fernisserast før eit nytt lag kan påførst. Bruken av augesminke er med på å gje verka eit vart og særeigent uttrykk.
Nina Grieg (f.30.12.72) er busett i Bergen, og er utdanna biletkunstnar frå Kunsthøgskolen i Bergen avd. Vestlandets Kunstakademi og tok MA ved Goldsmiths College i London. Ho budde i London frå 1999 til 2005.
Tid
Program
tors05nov19:0019:00 Erlend Apneseth trioHardingfelemeisterens trio
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19 Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika Erlend Apneseth – hardingfele Stephan Meidell – gitar/effektar Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon Thorolf Thuestad – lyddesign
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19
Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika
Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – gitar/effektar
Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon
Thorolf Thuestad – lyddesign