– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Matthew Barney

lau20sepHeile dagensun11janMatthew BarneyCremaster 3(Heile dagen)(GMT+00:00)

Om arr.

I samarbeid med Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst er vi stolte av å kunne vise den spanande utstillinga Cremaster 3 i Kabuso.

Utstillinga inneheld film, fotografi og skulpturelle installasjonar skapt av den amerikanske samtidskunstnaren Matthew Barney.

Kunsten til Matthew Barney (f. 1967) blir omtalt som ei ny omdreiing av den unge, amerikanske kunstscenen på 90-talet. Medan 80-talskunstnarane sitt image var like glamorøst og trendy som den til ei rockestjerne, vart Barney eit symbol på kunstens «outsider» ved inngangen til 90-talet. Med bakgrunnen sin som idrettsutøvar, modell og medisinstudent, og inspirert av konsept- og performancekunstnarar frå 70-talet som Bruce Naumann, Joseph Beuys, Chris Burden og Vito Acconci, utforskar han grensene for fysisk uthaldenheit, samtidig som han fjernar hierarkiet i kunsten ved å likestille ulike medier og uttrykksformer.

The Cremaster Cycle (1994-2002) er eit femdelt kunstverk der Barney har tatt utgangspunkt i fem ulike stader.

Ut i frå kvar situasjon vert ulike mytologiar reflektert og uttrykt gjennom eit universelt subjekt: menneskekroppen. Denne nye formen for figurasjon manar fram ei ny forståing av subjektets rom i samfunnet vi lever i. Hos Barney vert kroppen sett inn i samanhengar som omfattar klassisk mytologi, religion, historie, amerikansk Popkunst og Hollywood-kultur – kroppen blir dermed eit kulturprodukt, modell for kreativ tenking som på ein meiningsfull og visuell måte kommuniserer med den komplekse røyndommen vi sjølv har skapt oss.

Cremaster 3 (2002) som vert vist på Kabuso 2008-09, er eit samarbeidsprosjekt med Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst. Denne delen av det komplekse kunstverket er på mange måtar kjernen, ved at fleire trådar frå alle delane vert samla. Handlinga føregår i eit spenn mellom keltisk mytologi, rå natur og oppføringa av Chrysler-bygningen i New York.

Tid

Sept 20 (Laurdag) - Januar 11 (Sundag)(GMT+00:00)