– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

sept 2017

lau23sepHeile dagensun17desMaria NepomucenoAfetosyntesis(Heile dagen)

Om arr.

Den brasilianske kunstnaren Maria Nepomuceno (1976-) lagar fargerike skulpturar med kjende og overraskande material. Tau er det gjennomgåande materialet. Saman med perler, fletta strå, keramiske element med meir, skapar ho skulpturar som til dømes kan minna om levande vesen eller undersjøiske planter. Spiralforma går igjen og skulpturane endrar seg i møte med rommet dei vert stilt ut i.

Nepomuceno let seg inspirera av urfolket i Brasil sine handverkstradisjonar og fleire av verka vert til i eit kollektivt fellesskap. Tittelen på utstillinga, Afetosyntesis er sett saman av det portugisiske ordet afeto, som tyder hengivenheit eller kjærleik, og syntesis som tyder syntese eller foreining. Nyordet er inspirert av omgrepet fotosyntese, som skildrar korleis planter produserer livsnødvendig oksygen. Nepomuceno viser til kor viktig kjærleiken òg er for menneska – gjennom kunstverk som opnar for sanselege opplevingar.

Utstillinga er produsert av Stavanger kunstmuseum

>>> Publikumstekst Maria Nepomuceno

Tid

Sept 23 (Laurdag) - Desember 17 (Sundag)

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

X