februar 2020

lau08feb(feb 8)00:00lau11apr(apr 11)00:00Maia Urstad & Lars Ove Toft - Etter alle solemerkeUtstilling

Om arrangementet

Spekulasjonar rundt lyd og landskap

Maia Urstad og Lars Ove Toft viser eit samspel av lyd og video inspirert av nære rørsler og langsame endringar som skjer utan at vi eigentleg er klar over det.

Breen over fjorden som endrar farge og krympar, sakte. Lyden av signal vi sender og mottar som endrar seg undervegs. Raden av små hendingar vi koplar saman til vår eiga røynd.

Lars Ove Toft (f. 1961) er dagleg leiar for BEK – Bergen senter for elektronisk kunst. I sitt kunstnarlege virke arbeider han med videoinstallasjonar, lyd- og lysdesign og bygger interaktive instrument. Hovudvekta av arbeidet skjer i samarbeid med andre kunstnarar og musikarar, sist med performance og installasjon ved PROA i Buenos Aires og Penghao Theater i Beijing. Lars Ove Toft bur og arbeider i Bergen, Norge.

Maia Urstad (f. 1954) har base i Bergen og arbeider i krysningsfeltet lydleg – visuell kunst, hovudsakeleg med lydinstallasjonar og performative lydverk. Ho har stilt ut i heile verda, seinast ved «14. biennale for mediekunst» i Santiago de Chile 2019 og «Hardanger musikkfest» i Lofthus 2019. I 2017 vart ho utnemnt som byens lydkunstnar i Bonn, Tyskland og vart tildelt Rune Brynestads minnestipend i 2019. Urstad er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og har også bakgrunn frå musikkmiljøet. Les meir på www.maia.no

Takk til:
Roar Sletteland (elektronikk), Søren Andreasen (programmering), Snorre Risheim og Andrea U. Toft (montering), Peter Meanwell, Alex Ghalioungui og alle på BEK.

Utstillinga er støtta av:
Norsk kulturråd, Bergen kommune, BEK – Bergen senter for elektronisk kunst, Bonnhoeren.

 

Tid

Februar 8 (Laurdag) 00:00 - April 11 (Laurdag) 00:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no

Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

Contact

Adr: Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no

Opening hours

September–May:
Wed–Friday 11 AM-3 PM, Sat+Sunday 11 AM–4 PM
Closed Mon-Tuesday

June–August:
Daily, 11 AM-5 PM

X