– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Magnar Moen - Tonar frå svart

lau03feb(feb 3)00:00sun21apr(apr 21)00:00Magnar Moen - Tonar frå svartFoajeutstilling

Om arr.

Magnar Moen viser eit utval arbeid i foajeutstillinga Tonar i svart.
Opplev utstillinga i perioden 3. februar-21. april 2024.

Moen har teke utdanninga si ved Bergens kunsthåndverksskole i 1969.
Han har bak seg ei rekke separatutstillingar, av dei kan nemnast
Haugesund kunstforening, Nord-Trøndelag fylkesgalleri, Christiansands Kunstforening, Galleri Kampen, Nordnorsk kunstnersentrum og Harstad kunstforening.
Verka hans er kjøpt inn av
Bergen kunstmuseum, Bergen kommunale kraftselskap, Nord-Trøndelag fylkesgalleri, Levanger kommune, Norsk kulturråd, Bergen billedgalleri og Haugesund billedgalleri. Gjennom åra har han motteke fleire stipend og prisar i tillegg til å ha delteke i mange gruppeutstillingar, mellom anna BGO-1, Bergen kunstmuseum (2010-2011).
 

>> Sjå kunstnaren si eiga nettside

Utstillinga er støtta av Bildende Kunstneres Hjelpefond

Foto: Utsnitt av verket Utan tittel (2013), kolstift

Foajeutstillingar
… lett tilgjengelege (sjølv der hovudutstillinga er stengt)
… kan også opplevast frå kafebordet
… treng du ikkje billett for

 

Tid

Feb. 3 (Laurdag) 00:00 - April 21 (Sundag) 00:00(GMT+00:00)