– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Knut Hamre

lau11mai16:00lau16:30Knut Hamrekonsert16:00 - 16:30(GMT+00:00)

Om arr.

I samband med sesongopninga i Agatunet er me stolte av og glade for å invitera til konsert med Knut Hamre i Lagmannsstova.

NB! Opningsprogrammet avhaldast i Asbjørnsløa klokka 15, og etter programmet vert det to konsertar, klokka 16:00 og 16:45. Konsertane er inkluderte i billetten til opningsarrangementet.

Knut Hamre er ein av dei fremste folkemusikkutøvarane i landet, og nestoren blant hardingfelespelarene i Noreg. Hamre er ein vidkjent spelemann med ein usedvanleg sterk innleving og formidlingsevne, og med ei lang merittliste og ei lang rekkje plateutgjevingar bak seg. I 2017 vart han utnemd til kommandør av St. Olavs orden for sin fremragande innsats for norsk folkemusikk. I 1998 vann han ein Spelemannspris saman med Bjarne Herrefoss og Hallvard T. Bjørgum for albumet Toneflaum. Han har og vunne Myllargutprisen (1986), Edvard Griegprisen, Hilmar Alexandersens minnepris i 1993 og Anders Kjerlands minnepris i 2000. Han har vore sentral i innsamlingsarbeid av folkemusikk i Hardanger. Han har og vunne Landskappleiken heile sju gonger. Han har arbeidd som fylkesmusikarar og kulturskulelærar, har vore sentral i Hardanger Spelemannslag og arbeidar mellom anna som lærar for Masterclass Hardanger. Han er ansett som ein dyktig pedagog, og har på alle måtar vore ein svært viktig person for å bevara og vidareføre tradisjonen i Hardanger.

Velkomne til ei stemningfull oppleving i Lagmannsstova, med ein av dei fremste folkemusikarene me har!

(Foto: Elisabeth Emmerhoff)

 

Tid

(Laurdag) 16:00 - 16:30(GMT+00:00)