J.C. Dahl
sun28maiHeile dagensun27augJ.C. DahlFjordlandskap
Om arr.
Johan Christian Dahl (1788-1857) sin store kunstnarlege produksjon gjev rom for mange tilnærmingar. Utstillinga i Kabuso tek dels ta utgangspunkt i plasseringa til utstillingsstaden: Midt i det norske fjordriket. Dels
Om arr.
Johan Christian Dahl (1788-1857) sin store kunstnarlege produksjon gjev rom for mange tilnærmingar. Utstillinga i Kabuso tek dels ta utgangspunkt i plasseringa til utstillingsstaden: Midt i det norske fjordriket. Dels har utstillinga ein historisk klangbotn.
Fjordlandskapet, og særleg Hardanger, spela ei sentral rolle i nasjonsbygginga på 1800-talet. Det gjaldt å få definert kva som var norsk. Eit romantisk natursyn breidde seg i Europa, ein søkte sublime naturopplevingar i ville og urørte landskap.
I den norske nasjonsbygginga fekk kunstnarane i oppgåve å uttrykkja det nasjonale, og mange peika på Hardanger. Dei skildra Hardanger som eit sublimt landskap – men også som eit opphøga, nasjonalt landskap. Dette arbeidet var med på å gje Noreg ein identitet, som igjen var ein føresetnad for unionsoppløysinga i 1905. Dels har utstillinga også ein referanse til dagens situasjon, der fjordane er utpeika til eit særleg attraktivt reisemål, og der fjordane stadig er midt i konfliktsona mellom vern og utbygging.
I samarbeid med Bergen Kunstmuseum og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Tid
Mai 28 (Sundag) - Aug. 27 (Sundag)(GMT+00:00)
Arrangør
Program
Arr.type
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum