– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

nov. 2022

lau26nov18:00Ine Hoem & Edvard HoemSTERKE TEKSTAR OG VAKRE MELODIAR18:00

Om arr.

Edvard Hoem – forteljar
Ine Hoem – vokal
Markus Lillehaug Johnsen – gitar
Andreas Ulvo – piano
Jo Berger Myhre – bass
Pål Hausken – trommer

Far og dotter Hoem har opplevd stor suksess på kvar sitt felt. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile Noreg gjennom fleire generasjonar, blant anna med romanane om slekta som utvandra til Amerika. Ine Hoem har gjort stor suksess med si smakfulle visepop med songar som «Jeg vil aldri hjem» og «Vi trenger ikke hage vi».

Albumet «Alt vi har kjært» er Ine Hoems melodiar og nyskrevne tekstar av Edvard Hoem. Ein finn og salmar som «Den Fattige Gud» av Henning Sommerro og «No stig vår song» av Håkon Berge. Hausten 2021 var Ine Hoem og Edvard Hoem på sin fyrste turné saman i forbindelse med releasen.

Albumet mottok strålande kritikkar:

«Karrieretopp» Audun Vinger/ Dagens Næringsliv

«Det kanskje viktigste kompliment jeg kan gi far og datter Hoem her, er likevel at de visker ut grenser mellom kjønn og menneskelig alder og bakgrunn, mellom før og nå, mellom lyrikk og musikk» Olav Solvang / Vårt Land

«Trøst i koronaens tid – Ine Hoem blir bare bedre og bedre» Erik Valebrokk om singelen 6/6

Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter Hoem, tok til for meir enn femten år sidan, men vart fyrst offentleg kjend med den vakre gjendiktinga og versjonen av «Å, signa natt», hausten 2020, som mellom anna vart framførd på NRK Lindmo i desember 2020.

«Alt vi har kjært er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje burde skrive om dét, men i staden om dei store og små samanhengar som rammar inn menneskelivet, og som er der, same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vera. Vi står mellom framtidshåp og fortida med sine minne, vi lever i årstidene og døgn-tidene, i kvardagen og i kosmos. Og alt dette skal inn i nokre få verselinjer, som også skal uttrykke livsfryd og glede over alt det fantastiske som livet trass at har å by på» Edvard Hoem.

I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og nokre fantastiske improviserande musikarar, har Ine skapt eit unikt univers i møte mellom visepop, jazz og salmar, og Edvard sine tekstar.

Dette vert ei konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine syng faren sine tekstar på meisterleg vis, medan Edvard Hoem les frå sin siste roman Felemakaren og dei andre utvandrarromanane sine. Ine syng og nokre av sine mest kjende songar. Samspelet mellom far og dotter bør opplevast, der humor, alvor, musikk og tekst går opp i ei høgare eining.

Bu deg på sterke tekstar og vakre melodiar!

Tid

(Laurdag) 18:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar på nett

>>> KJØP
X