– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Hovudplagg og hårmote

sun05nov(nov 5)16:30sun21jan(jan 21)15:00Hovudplagg og hårmotei folkedrakt og bunadbruk(nov. 5) 16:30 - (januar 21) 15:00(GMT+00:00)

Om arr.

Hovudplaggutstilling

Den unike vandreutstillinga Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bunadbruk kjem til Hardanger folkemuseum 5. november. Utstillinga syner tradisjonelle hovudplagg frå mange stader i Noreg, slik dei var nytta på 1700 og 1800-tallet og vert brukt til bunad i dag. Nærare 100 ulike hovudplagg er med. Hardanger folkemuseum er første og einaste visningsstad for denne utstillinga i Hordaland.

Pikahuva, linhatt, pålalue, hette, perlekrans, skaut og båthatt. Variasjonen og kreativiteten har vore stor, både i nemning og utsjånad. Over heile landet var hovudplagget ein svært viktig del av den tradisjonelle draktskikken. Kleda synte kven ein var, og kor ein kom frå, kva anledning ein var kledd for, og kva status ein hadde. Særleg viktig var skiljet mellom gift og ugift, og i det fleste område var det hovudplagget som synte dette. Dei staselegaste hovudplagga var det den gifte kvinna som hadde, sett bort frå dei utruleg vakre brurekrunene som brura bar på brudlaupsdagen. Somme stader var det og eigne hovudplagg for ugifte mødrer, og for peparmøyer, jenter som hadde vorte 30 år utan å gifta seg.

Det er Norsk folkedraktforum som står bak vandreutstillinga, som ein del av arbeidet med å få bunadbruk i Noreg inn på Unesco si liste over representativ immateriell kulturarv. Nff er ei landsomfattande organisasjon som arbeider med bunader forankra i tradisjonell draktskikk. Det er medlemmene i Nff som har laga dei vel 70 plagga som føl med utstillinga. I tillegg er utstillinga supplert med kring 30 hovudplagg frå Hardanger, Voss, Fana, Øygarden, Tysnes og andre stader i Hordaland. Utstillinga har og ein skautfellingsverkstad der ein kan sjå korleis ein lagar koneskaut til hardangerbunaden.

Utstillingsperiode 5. november 2023 til 21. januar 2024

Utstillinga er ope måndag til fredag i perioden 5. november til 21. januar, frå kl 9 til 15. Det går fint å avtala besøk også utanom ordinær opningstid. Ta kontakt på post@hvm.museum.no for å avtala.

Gruppebesøk

Me inviterer no lag, organisasjonar og andre grupper til å besøkja utstillinga. Her kan de få omvising, og gjerne eit besøk i kafeen etterpå. Besøket kan vera på dagtid eller på kveldstid. Ting besøk ved å senda ein e-post til post@hvm.museum.no eller ring 47479884. Me tek imot besøk fram til siste dag for utstillinga, som er 21. januar 2024.

Foto: Elisabeth Emmerhoff

Sjå meir om prosjektet her http://norskfolkedraktforum.no/prosjekter-1#/new-page-55

Tid

Nov. 5 (Sundag) 16:30 - Januar 21 (Sundag) 15:00(GMT+00:00)