Kva skjuler seg i bylgjene? Kven er marmælen, sjøhorven og havhuldrefolket? Bli med inn i ei verd av hamskiftere og levande daude, og høyr om korleis du vert kvitt draugen og kva du gjer om du får marmælen om bord i båten.

Noreg er ein kystnasjon. Alt me har vore og alt me er, om det er fiskeri, sjøfart, oppdrett eller olje, baserer seg på havet. Likevel har sjøvettene våre, skapningar som berre eit par generasjoner tilbake var ein sjølvsagt del av kvardagen langs kysten, meir eller mindre forsvunne.

Kunstnar og skribent Kamilla Sajetz Mathisen vil i dette torsdagsføredraget gjenopplive ein døyande kulturarv, og oppfriske vår kunnskap om sjøvetter – havets utgåve av troll og hulder.

Velkomen til ein lærerik og hyggeleg kveld på Hardanger fartøyvernsenter.

OBS: Begrensa antal grunna korona! Om du vil være heilt sikker på å få billett kan denne kjøpast i museumsbutikken innan føredraget!

Inngang kr 100 (i døra)
Ope kafe og museumsbutikk.