– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Familieverkstad

sun05nov13:00sun15:00FamilieverkstadBornas Kabuso13:00 - 15:00(GMT+00:00)

Om arr.

Famileverkstad: Under verkstaden får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. Kvar gong kjem ny kunstnar og nye oppgåver.

Denne gongen får me besøk av Marie Skeie. Med utgangspunkt i diktet «Det er den draumen» av Olav H Hauge skal me laga bilete i tekstil med saks, lim, nål, tråd, og kanskje nokre perler eller knappar. Marie Skeie er kunstnar og forskar og jobbar med tekstil.

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge

Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2023. Merk at vaksne må ha eigen billett til konserten med Tres Musicos, men går gratis på filmane.

Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen.