– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mai 2023

sun14mai13:00sun15:00Familieverkstad med korgmakar Hege AasdalBornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.

Vil du prøve å fletta ei lita skål? Laga tråd av bark? Utforske korleis ein kan bruke bark og gjenbruksmaterialar saman. Kom og lær teknikkar og leik med materiala saman med korgmakar Hege Iren Aasdal.

Under verkstaden frå de utfalda dykk kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar, som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. I samarbeid med KH Messen i Ålvik. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.

Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2023. Kjøp av medlemsskap 14. mai gjeld også for hausten 2023. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.

Tid

(Sundag) 13:00 - 15:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Arrangør

Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

X