– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utstilling: Dokker i folkedrakt

sun16junsun01sepUtstilling: Dokker i folkedraktDokker i folkedrakt etter Tidemand(juni 16) 13:00 - (sept 1) 17:00(GMT+00:00)

Om arr.

Sundag 16. juni opnar ein både sjarmerande og imponerande utstilling i kafélokalet på Hardanger folkemuseum: kring nydelege 20 dokker, kledd i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine portrett!

Britt Kjellesvik Rage er kunstnaren bak dei vakre dokkene. Ho har studert drakthistorie ved NTNU, og har galleri og verkstad på Våge på Tysnes. Ho er mest kjend for sine dokker i autentiske folkedrakter fra Vestlandet og mellomalder. Ho har drevet verkstaden på Breidablikk sidan 2000. No driv ho modulbaserte historiske draktstudier i Danmark.

Til utstillinga på Hardanger folkemuseum har ho med seg dokker som er utforma med utgangspunkt i Adolph Tidemand sine portrett. Tidemand arbeida over ein periode på 30 år, frå 1843 til 1847 med draktstudier – eit studie som er av høg kunstnerisk og kulturell verdi. Tidemand etterlet seg ei stor samling arbeider frå draktstudiene sine, både oljemaleri, teikningar, akvareller og skissebøker. Heile denne samlinga er i dag i Nasjonalgalleriets eie, der mange inngår i basisutstillinga.

Britt Rage kopierar i miniatyr draktene frå Tidemands bilete. Det er arbeid med ein imponerande utføring og detaljrikdom, samvitsfullt gjengjeve til minste detalj. Dokkene har vekt både nasjonal og internasjonal merksemd.

Britt har arbeidd mykje med eldre draktmateriale i ulike kanalar, og i tillegg til å setja opp utstillingar har ho og halde foredrag, skrive artiklar og blogga om emnet. I 1986 publiserte ho boka «Folkedrakter i Sunnhordaland – frå Tysnes på 1800-talet.» Ho har seinare bygd opp ein stor database database over gamle draktplagg frå Tysnes. Prosjektet vart realisert i 2009 som eksamensoppgåve i samband med studiet «Drakt og samfunn 2» på NTNU og Bunad- og folkedraktrådet.  Databasen tel no nesten 500 plagg. Dei vert og presentert i ein flott blogg, som du kan besøka her. Ho har hatt ein rekkje utstillingar dei siste 30 åra.

Dette er ein flott utstilling med imponerande handverk, som formidlar kulturarven og drakthistoria vår på ein svært tilgjengeleg måte. Du finn ho på loftet, i kafélokalet!

 

 

Tid

Juni 16 (Sundag) 13:00 - Sept 1 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)