Building Instrument
sun17mar18:00Building InstrumentKonsert
Om arr.
Trioen Building Instrument bevegar seg i eit slags fantasifullt ingenmannsland mellom elektronika, organisk pop og noko meir mystisk og eventyrleg, og hadde allereie bygd seg ein solid fanskare før dei
Om arr.
Trioen Building Instrument bevegar seg i eit slags fantasifullt ingenmannsland mellom elektronika, organisk pop og noko meir mystisk og eventyrleg, og hadde allereie bygd seg ein solid fanskare før dei platedebuterte til overstrømmande kritikkar i 2014.
På deira andre album «Kem Som Kan å Leve» er utrykket meir draumeaktig, djupare, lydbildet er større og meir innhaldsrikt, og det er framleis snakk om sterkt vanedannande og underleg fengjande musikk.
På den ferske, allereie kritikerhylla, «Mangelen min» er tekstane framleis på moldedialekt, på fantasispråk eller ordlause, men musikken er blitt større og meir dansbar. Open og fengande, aggressiv, men med eit smil på lur. Rett og slett musikk du ikkje har høyrt før.
Trioen består av:
– Mari Kvien Brunvoll (vokal, sampler, zither, perkusjon, kazoo)
– Øyvind Hegg-Lunde (trommer og perkusjon)
– Åsmund Weltzien (synth, elektronikk).
Simone Hooymans som held til i Messen i Ålvik har laga musikkvideo til blant anna songen deira: Rett Ned – sjekk den ut her:
https://www.youtube.com/watch?v=jrj1rJqZF5w&t=2s
Simone kjem også til Kabuso med sine animasjonar denne kvelden.
Velkomen til ei unik konsertoppleving i Kabuso!
Pris kr 200,- (20% rabatt med kabusokort / barn kr 100,-)
Tid
(Sundag) 18:00(GMT+00:00)
Arr. på Facebook
>>>Program
Arr.type
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum