– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

desember 2021

fre03des21:00Bugge WesseltoftIt's Snowing on My Piano21:00

Om arr.

Bugge Wesseltoft – piano, elektronika

Bugge kjem tilbake til Kabuso! Etter ei magisk musikalsk stund og fullt hus i fjor kan me sjå fram til ein ny førjulskonsert:
Den moderne juleklassikaren Its Snowing on My Piano svevar frå flygelet fredag 3. desember.

Bugge Wesseltoft er kjend for eit unikt musikalsk uttrykk innan nordisk moderne jazz og har hausta ei rekkje utmerkingar for dette. Han har samarbeidd med med storleikar som Jan Garbarek, Sidsel Endresen, Terje Rypdal, Nils Petter Molvaer og Jon Eberson. Vidare har han danna sitt eige innovative prosjekt kalla New Conception Of Jazz og platestudioet Jazzland Recordings.

Bugge fortel om historia bak albumet frå 1997:
«Snowing on my piano» vart laga ut frå eit ønske om ro og fred i jula, og ein pause frå stress, gåvehysteri og det å måtte vera så voldsomt lykkelig heile tida.
Som ung jobba eg ved eit akuttmottak på psykiatrisk sykehus og det var eit sjokk for meg å oppdaga at jula også er ei høgtid for depresjon, einsemd og vald i heimen.
Då eit tysk plateselskap spurde meg om å laga ei solopiano-plate med julesongar var eg sterkt i tvil, men valde til slutt å spela ho inn på vilkår av at eg fekk gjera det på min eigen måte.
Det å vera glad i kvarandre og ha tid til kvarandre er det viktigaste me kan driva med i jula.»

Sal av billettar frå onsdag 1. september kl 20.
Merk at kun eit redusert antal billettar er i sal, så her gjeld det å vera rask!

>>> Sjekk nettstaden til Bugge

 

Tid

(Fredag) 21:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar på nett

>>> KJØP

Opningstider

F.o.m. 1. september:
Ons-fre kl 11-15
Laur-sundag kl 11-16

Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987
E-post: post@kabuso.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Opening hours

From September 1:
Wednesday-Friday 11 AM-3 PM
Saturday-Sunday 11 AM-4 PM

Contact

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
+ 47 474 79 987
post@kabuso.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X