– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bornas Kabuso: Kolteikning og gjenbruk

lau09nov12:00lau14:00Bornas Kabuso: Kolteikning og gjenbrukKunst- og filmklubb12:00 - 14:00(GMT+00:00)

Om arr.

Teikne med kol og bygge med bos. Utstillinga i Kabuso inspirerer oss til å testa ut kva ein kan få til med kol på bomullsstoff og kva ein kan bygga av bos.
Kom og leik med oss!

Animasjonsfilmar av kunstnar Simone Hooymans vist i filmkroken.

Om klubben:
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb med eit månadleg tilbod til born i Kabuso.
Kåra til Årets barnefilmklubb 2019.

Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2019.
Vaksne går gratis i følge med born.
Inga aldersgrense, inga påmelding.
Passar for alle.

Arr. på Facebook

>>>