– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne

fre25aug19:30Annlaug Børsheim og Rannveig DjønneKonsert Skyer av perlemor19:30(GMT+00:00)

Om arr.

«Skyer av Perlemor» – konsert og ny plateutgjeving med Djønne&Børsheim

I august kjem Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne med den nye plateutgjevinga «Skyer av Perlemor». Materialet er eigekomponert og tekstane av Annlaug og av Ruth Lillegraven. På konserten i på Hardanger folkemuseum 25. august får de vera med på ein tur i Djønne&Børsheim si musikalske hardangerverd med inspirasjon frå viser, pop og folkemusikk.

Djønne&Børsheim har spelt og komponert musikk saman i 15 år og har turnert ulike stader i Noreg og Europa. Dei har mellom anna vore på fire lengre turnear i Tyskland, og har hatt oppdrag i Skottland og Italia. I 2012 gav dei ut plata «Toras Dans – Populærmusikk frå Hardanger» som fekk gode platemeldingar. Repertoaret deira er i hovudsak eigen musikk og tekst tufta på tradisjonsmusikk frå Hardanger.

Dei er aktive som musikarar, komponistar og tekstforfattarar på kvar sine kantar, både som solistar og i ulike samarbeidsprosjekt. Dei har båe jobba med tekstane til Ruth Lillegraven, seinast i musikkteateret «Husmann» der fleire av spora på «Skyer av Perlemor» er henta frå. På utgjevinga har Djønne&Børsheim satt melodiar til tekstar frå Lillegraven sine prisløna bøker «Urd» og «Sigd».

Melding frå musikkteateret «Husmann»; Musikken er verkeleg i ein eigen divisjon. Annlaug Børsheim si kraftige, men inderlege røyst kan framkalla tårer hjå sjølv den mest hardhuda bonde. Saman med toradarspelet til Rannveig Djønne vart dette rein magi. 

-Stine Strand Carlsen, Avisa Hordaland.

Annlaug Børsheim: Hardingfele, gitar og song

Rannveig Djønne: Toradar og song

Annlaug Børsheim

er født og oppvaksen i Ulvik i Hardanger, no busett i Bergen. Ho er utdanna folkemusikar ved Høgskulen i Telemark og ved Ole Bull Akademiet på Voss. Den allsidige folkemusikaren skriv både eigen musikk og tekst og gav i 2010 ut sitt fyrste album som soloartist, «November», på sitt eige plateselskap, Fivreld. I 2022 var ho aktuell med plata “Alle har en liten dør bak øret”, der ho har spela inn songane og all musikken til teaterserien med same namn. Annlaug speler i Frode Grytten Beat Band og samarbeider tett med skodespelar og regissør Vibeke Flesland Havre i ulike produksjonar. Ho har tonesatt tekstar av ei rekke forfattarar som Ruth Lillegraven, Hilde Myklebust, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad og jobbar innanfor eit vidt spekter av sceniske uttrykk. Annlaug hadde i 2016 statens kunstnarstipend i kategorien populærkomponist.

Rannveig Djønne

er født og oppvaksen på Djønno i Hardanger, der ho no også bur. Rannveig vert omtala som ein nyskapande toradarspelar med eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss. Ho nyttar toradaren sin i spekteret frå kyrkjemusikk til å gjesta i progrockband. Folkemusikkutdanninga har ho frå Ole Bull Akademiet på Voss. Debututgjevinga, «Spelferd heim» (2008) hausta strålande meldingar. I 2011 komponerte ho m.a. ei folkemusikkmesse for Hardanger på oppdrag frå Ullensvang kyrkje. Denne messa er mykje nytta også i dag. I 2011 fekk Rannveig Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend innan kategorien Lyd, der hennar evne som komponist vart særleg framheva i grunngjevinga. I 2014 skreiv ho musikken til framsyninga «Soga om Seselja» basert på Ruth Lillegraven si kritikarroste diktsamling «Urd».

Hjarteleg velkomne alle!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Billettar på nett

Bilettsal

Arr. på Facebook

Sjekk ut!