– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

okt. 2021

lau09okt(okt 9)00:00fre31des(des 31)00:00På leit mellom plikt og fridom - Hardanger -& Coutstilling00:00 - (desember 31) 00:00

Om arr.

I perioden frå 9. oktober og ut året viser Kabuso utstillinga På leit mellom plikt og fridom – Hardanger – & Co

Kunstnargruppa -& Co. er sett saman av Jens Hamran, Patrik Entian og Aleksi Wildhagen – og dei tre målarane arbeider hovudsakleg utandørs. I utstillinga På leit mellom plikt og fridom -Hardanger -& Co., viser dei måleriske resultat frå tre reiser til Hardanger, supplert med teikning og fotografi. Dei tre Hardanger-etappane blei gjennomført i 2020-21, først i desember, då det var kaldt og mørkt, seinare i juni då grønska var intens – og til sist i september, då hausten stod for døra. Kunstnarane har vitja Storeteigen, Fitjadalen, Ålvik, Fyksesund, Børve i Sørfjorden, samt skulpturparken til Ingebrigt Vik museum. I utstillinga inngår òg eit video og måleri-samansurium frå to måleøkter ved regjeringskvartalet i Oslo, rett og slett for å trekkje makta sine tindar inn på scena.

Utstillinga er støtta av:
Norsk kulturråd
Billedkunstnernes Vederlagsfond

Les meir:
>>> Om -& Co
>>> Jens Hamran
>>>Patrik Entian
>>> Aleksi Wildhagen

Tid

Okt. 9 (Laurdag) 00:00 - Desember 31 (Fredag) 00:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

X