Arr.type Kurs
sept

Om arr.
Sy hardangersaum til forkle, skjorte og duk Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2023 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Kurset vert fredag 15. – sundag 17.
Om arr.
Sy hardangersaum til forkle, skjorte og duk
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2023 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Kurset vert fredag 15. – sundag 17. september, kl 09.30 – 17 alle dagar. Kurset inkluderer både omvising, individuell rettleiing og besøk på tekstilmagasinet, samt lunsj og kaffimat i tre dagar.
Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. På hardangersaumkurs får du læra dei grunnleggjande teknikkane, dei lure løysingane og dei lokale variantane. Etter ein god introduksjon vel du sjølv om du vil starta på kvitsaum til bunad, forklebord, eller kanskje ein duk eller løpar. Kursa passar både for dei heilt ferske og dei meir erfarne.
Tidspunkt og påmelding
Kurset går fredag 15. – sundag 17. september på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.
Påmelding innan 1. september 2023 til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
4200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4700,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.
Overnatting
Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no
Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
15 (Fredag) 09:30 - 17 (Sundag) 17:00
ons27sep(sep 27)00:00ons18okt(okt 18)00:00Hjelp - eg eig eit gamalt hus!KURS00:00 - (okt. 18) 00:00

Om arr.
4 onsdagar, frå 27. september: Fire temakveldar kring problem-stillingar for eigarar av gamle hus. Bli trygg på vedlikehald, tiltak, støtteordningar m.m. INSTRUKTØR: Alexander Günther PRIS: 100,- pr kveld STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund SPØRSMÅL &
Om arr.
4 onsdagar, frå 27. september:
Fire temakveldar kring problem-stillingar for eigarar av gamle hus. Bli trygg på vedlikehald, tiltak, støtteordningar m.m.
INSTRUKTØR: Alexander Günther
PRIS: 100,- pr kveld
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: fartoyvern@hvm.museum.no / 474 79 839
Tid
Sept 27 (Onsdag) 00:00 - Okt. 18 (Onsdag) 00:00

Om arr.
Sy din eigen bringklut Me har framleis ein til to ledige plassar på dette kurset! Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane
Om arr.
Sy din eigen bringklut
Me har framleis ein til to ledige plassar på dette kurset! Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å sy Holmabringklut eller hjartebringklut. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett eller med stor åttebladrose. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre.
Holmabringkluten har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.
Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.
Andre bringklutar med perler sydd på raudt ullstoff har ofte ein stor åttebladrose i midten, og to halve åttebladroser på kvar side.
Perlenett kan ein tre med ei eller to nåler. Nettet vert sidan montert på raudt ullklede.
Tidspunkt og påmelding
Museet og husflidslaget sett opp to bringklut-helgekurs i 2023, med Agnete Sivertsen som kurslærar.
Det eine kurset vert om våren, fredag 24. til sundag 26. februar på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 1. februar 2023
Det andre kurset vert om hausten, fredag 29. september til sundag 1. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 1. september 2023
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
4200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4700,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar. Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.
NB! Kurset er utvida til tre dagar, fredag til sundag, slik at ein skal koma lengst mogleg med bringkluten. Om ein berre kan vera med to dagar er det også mogleg. Ta kontakt, så finn me ut av det.
Overnatting
Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no
Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
Sept 29 (Fredag) 09:30 - Okt. 1 (Sundag) 17:00
okt.

Lær å sy svartsaum og smøyg Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du
Om arr.
Lær å sy svartsaum og smøyg
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å sy smøyg. Ein vel sjølv om ein vil sy bringklut, belte, eller svartsaum til skjorte eller kaps.
Smøyg er ein svært gamal broderiteknikk, som i utsjånad liknar på veving. Den har vore mykje nytta på bringklutar og belte, og er førebiletet til dei vevde bringklutane mange nyttar i dag. Smøyg har og vore nytta på skjortekragar og på kaps, då som svartsaum.
Kurslærar er konservator på Norsk folkemuseum, Kari-Anne Pedersen. Ho har mellom anna jobba mykje med broderi på skjorter frå Telemark, som har svært forseggjorte smøygbroderi.
Tidspunkt og påmelding
Kurset vert laurdag 7. og sundag 8. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.
Påmelding til post@hvm.museum.no / tlf 474 79 884 innan 15. september
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
3200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
3700,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.
Overnatting
Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no
Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
7 (Laurdag) 09:30 - 8 (Sundag) 17:00
tors12okt(okt 12)00:00fre13(okt 13)00:00Smikurs for ungdomKURS00:00 - 00:00 (13)

Om arr.
Haustferiekurs, 12.-13. oktober: Er du nysgjerrig på hva smiing er? Bli med på eit todagars smikurs for unge, i haustferien! INSTRUKTØR: Lars Ystanes PRIS: 1000.- Kurset er støtta av Håndlag STAD:
Om arr.
Haustferiekurs, 12.-13. oktober: Er du nysgjerrig på hva smiing er? Bli med på eit todagars smikurs for unge, i haustferien!
INSTRUKTØR: Lars Ystanes
PRIS: 1000.- Kurset er støtta av Håndlag
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: fartoyvern@hvm.museum.no / 474 79 839
Tid
12 (Torsdag) 00:00 - 13 (Fredag) 00:00
januar
ons24jan12:00ons15:00Kurs: Historiske kjelder12:00 - 15:00

Om arr.
Kvar finn me historiske kjelder og korleis skal me bruka dei ? Kan me bruka alt me finn fritt? Kursleiar Eirik Helleve har skrive ei rekkje lokalhistoriske artiklar, og deler røynslene
Om arr.
Kvar finn me historiske kjelder og korleis skal me bruka dei ? Kan me bruka alt me finn fritt?
Kursleiar Eirik Helleve har skrive ei rekkje lokalhistoriske artiklar, og deler røynslene sine på dette tre-timars kurset.
Kanskje vert du inspirert til å skriva ein artikkel sjølv?
Dette er eit tredelt kurs, der me snakkar om nokre former for kjelder og korleis me kan bruka dei.
* Den fyrste bolken handlar om digitale kjelder, altså kjelder me kan finna på Internett.
* Den andre handlar om trykte og handskrivne kjelder, der me ser på nokre døme frå samlingane til museet.
* Den tredje handlar om foto og opphavsrett.
Merk at dette kurset er på dagtid frå kl 12 – 15.
Pris: kr 600
Påmelding til voss.folkemuseum@hvm.museum.no innan 24. januar 2023
Tid
(Onsdag) 12:00 - 15:00
Arrangør
Voss folkemuseum Mølstervegen 143, 5705 Voss