Ny avdelingsleiar
Marie Skeie er tilsett som ny avdelingsleiar for Kunsthuset Kabuso frå 1. januar 2027.
Skeie er kunstnar, kurator og prosjektleiar og har omfattande erfaring frå det visuelle kunstfeltet, nasjonalt og internasjonalt. Skeie kjenner kunsthuset godt og har eit breitt nettverk som ho vil ta med seg i den vidare utviklinga av Kabuso. Ho er busett i Kvam og har som kunstnar stilt ut i Kabuso.
– Det var god interesse for stillinga og me hadde mange sterke søkarar. Det tek me som eit teikn på at Kunsthuset Kabuso har opparbeidd ein solid posisjon, seier Åsmund Kristiansen direktør ved Hardanger og Voss museum.
Det som særleg motiverer meg, er moglegheita til å arbeide med samarbeid, formidling, programutvikling og langsiktig utvikling i ein lokalt forankra institusjon.
Eg er oppteken av korleis kunst og kultur kan skape møteplassar og engasjement, uttalar Marie Skeie.