Flukten
fre13feb00:0000:0000:00 - 00:00 FluktenJazz
Om arr.
Fredag 13. februar kl xx Hanna Paulsberg – saksofon Marius Klovning – gitar Bárður R. Poulsen – bass Hans Hulbækmo – trommer Flukten er som en gjer. Det er kanskje den enklaste måten å
Om arr.
Fredag 13. februar kl xx
Hanna Paulsberg – saksofon
Marius Klovning – gitar
Bárður R. Poulsen – bass
Hans Hulbækmo – trommer
Flukten er som en gjer. Det er kanskje den enklaste måten å ramma inn kvartetten som består av saksofonist Hanna Paulsberg, gitarist Marius Klovning, bassist Bárður Reinert Poulsen og trommeslagar Hans Hulbækmo. Etter ei Spellemann-belønna debutplate frå 2021, ein bejubla oppfølgjar frå 2024 og ei stadig veksande rekkje konsertar, er dei mellom dei mest sentrale nye norske jazzbanda på 2020-talet.
Å påstå at eit band «slepp unna merkelappar» har vorte ein traust merkelapp i seg sjølv. Det går då òg fint an å nemna ei lang rekkje referansar i møte med musikken til Flukten:
Amerikanske meistrar som Ornette Coleman, Bill Frisell, Paul Motian, John Scofield og Henry Threadgill, for å nemna nokre – i tillegg til eit mylder av assosiasjonar til ei rekkje stilar og tradisjonar.
Firarbanden består av nokre av dei mest aktive og tonegjevande musikarane i sin generasjon. I band som Hanna Paulsberg Concept, Wako, Skadedyr, Moskus, GURLS, Hullyboo og Atomic har dei prega den norske scena dei siste ti–femten åra, med openheit og eigenart.
Flukten er eit band der dei indre jazznerdane til desse fire musikarane får frie tøylar.
Men mest av alt kjennest Flukten framleis som eit fridomsprosjekt. Dei fire musikarane starta opp i mars 2020. Fast i byen, med tomme timeplanar, møttest Paulsberg, Klovning, Poulsen og Hulbækmo i eit øvingslokale i Oslo for å spela, ha det gøy og kanskje læra noko nytt. Då dei tok det med seg til scena, smitta gleda – dei har halde fram med å vera ein stor publikumsfavoritt over heile landet. Mange, viser det seg, vil ta del i flukta. Bandet har på si side halde fram med å leita etter nye moglegheiter i musikken.
Flukten er framleis som Flukten gjer, og det er òg meir enn nok.
Foto: Hans Skjong
Tid
13. feb. 2026 00:00 - 00:00
Program
Dato
lau07feb(feb 7)00:00sun03mai(mai 3)00:00(feb. 7) 00:00 - (mai 3) 00:00 Gillian CarsonFoajéutstilling