Tresnittverkstad 2/2
lau29nov13:0017:0013:00 - 17:00 Tresnittverkstad 2/2Kurs med grafikar Åse Vikse
Om arr.
Lær deg å laga tresnitt. Bli med på tresnittkurs for vaksne (aldersgrense 15 år) i Kabuso. Denne hausten inviterer Kabuso til kurs i 2 delar i november med grafikar Åse Vikse.
Om arr.
Lær deg å laga tresnitt. Bli med på tresnittkurs for vaksne (aldersgrense 15 år) i Kabuso. Denne hausten inviterer Kabuso til kurs i 2 delar i november med grafikar Åse Vikse. Du får erfaring med å skjera ut motiv i tre og trykke på papir.
Kurset går over 2 ettermiddagar i november:
- Laurdag 15. november (UTSELD!) kl. 13-17: Me utviklar kvar vår form i tre som me nyttar til å trykke på papir, og vidare ser me på korleis me kan repetere og såleis lage mønster. Ein kan lage kort og gåvepapir, gjerne med juletema
- Laurdag 29. november kl. 13-17: Me blir betre kjend med trykkemetoden og arbeider med meir samansette motiv. Me ser på lys og skugge i trykk og du lærer korleis ein lagar reduksjonstrykk
Du kan velja å vere med på begge øktene eller berre den første. For å vere med på den andre kursdagen må du anten ha vore med på del 1 eller ha erfaring med høgtrykk som t.d. lino- eller tresnitt frå før.
Tilmelding i Ticketco.
Maks 8 deltakarar per kursdag.
Pris 1000,- for 1 gong, 1800,- for begge.
Materialar, kjeks og te/kaffi er inkludert i kursavgifta.
Ha på deg kle som toler å få flekker på seg eller eit forkle. Ta gjerne også med papir du ynskjer å trykke på.
Åse Vikse (f. 1981) er ein tverrfagleg grafikar som bur og arbeidar i Øystese, Hardanger. Ho held BA (Hons) i Commuication Design (Illustration) frå Gray’s School of Art Aberdeen og MA i Fine Art (Printmaking) frå Middlesex University London. I tillegg, fleire kurs i ulike grafiske teknikkar som danna grunnlag for ei sterk interesse for grafikk som uttrykksform og førte vidare til fagspesifikk utdanning. Ho har vist arbeid i m.a. Oslo, Bristol, Ísafjörður og London. Vikse arbeider både med tradisjonelle teknikkar som tresnitt, og meir kontemporære monotrykk.
Vikse er oppteken av å nytta materiala som er tilgjengelege rundt oss. Gjennom å bruke materiala me finn rundt oss, vert vi utfordra til å skapa med eit avgrensa fotavtrykk.
Tid
Billettar
Program
tors05nov19:0019:00 Erlend Apneseth trioHardingfelemeisterens trio
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19 Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika Erlend Apneseth – hardingfele Stephan Meidell – gitar/effektar Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon Thorolf Thuestad – lyddesign
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19
Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika
Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – gitar/effektar
Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon
Thorolf Thuestad – lyddesign