OVE HARDER FINSETH
Om arr.
Me er sers stolte
Om arr.
Me er sers stolte over å presentera Ove Harder Finseth som utstiller i Agatunet i 2022!
Ove Harder Finseth er klesdesigner og tekstilkunstner. Han er mellom anna kjent for å ha laga brurekjolen til Kronprinsesse Mette-Marit. Harder Finset henter mykje inspirasjon frå gamal tid, og arbeider med eldre moter og dekorasjonsteknikkar, ofte i klassisk stil. Til Agatunet kjem han med nokre tidlegare kreasjonar, men lagar óg mykje spesifikt til og inspirert av tunet – ein plass han har vitja ved fleire høve og som har teke tak og vorte verande i han. Den stemninga og tankane som har kome ut av møtet med Agatunet vil han visa gjennom denne utstillinga. Ho inneheld mykje broderi og mange tilarbeidde eldre tekstilar som vert gjeve nytt liv, og kjem til å setjast opp i fleire ulike bygningar i tunet, der verk og rom vil verka saman.
Utstillinga står frå 21.mai til og med 04.09. 2022.
Dette vert fantastisk – gled dykk!
Tid
Program
tors27aug17:0622:3017:06 - 22:30 Kveldsope
Om arr.
Tirsdag 27. august kl 17-22.30 Kabuso og Hardanger Skyspace held kveldsope: Open kafe/bar og utstillinga av Dyrdal/ Mogstad/ Welsh Kl 20.55: Visning i Skyspace Denne
Om arr.
Kabuso og Hardanger Skyspace held kveldsope:


Foto:
Midt, Pål Hoff: Den aktuelle utstillinga
Nederst, Helge Skodvin: Hardanger Skyspace og Hardangerfjorden