Maria Nepomuceno
lau23sepHeile dagensun17desMaria NepomucenoAfetosyntesis
Om arr.
Den brasilianske kunstnaren Maria Nepomuceno (1976-) lagar fargerike skulpturar med kjende og overraskande material. Tau er det gjennomgåande materialet. Saman med perler, fletta strå, keramiske element med meir, skapar ho
Om arr.
Den brasilianske kunstnaren Maria Nepomuceno (1976-) lagar fargerike skulpturar med kjende og overraskande material. Tau er det gjennomgåande materialet. Saman med perler, fletta strå, keramiske element med meir, skapar ho skulpturar som til dømes kan minna om levande vesen eller undersjøiske planter. Spiralforma går igjen og skulpturane endrar seg i møte med rommet dei vert stilt ut i.
Nepomuceno let seg inspirera av urfolket i Brasil sine handverkstradisjonar og fleire av verka vert til i eit kollektivt fellesskap. Tittelen på utstillinga, Afetosyntesis er sett saman av det portugisiske ordet afeto, som tyder hengivenheit eller kjærleik, og syntesis som tyder syntese eller foreining. Nyordet er inspirert av omgrepet fotosyntese, som skildrar korleis planter produserer livsnødvendig oksygen. Nepomuceno viser til kor viktig kjærleiken òg er for menneska – gjennom kunstverk som opnar for sanselege opplevingar.
Utstillinga er produsert av Stavanger kunstmuseum
Tid
Sept 23 (Laurdag) - Desember 17 (Sundag)(GMT+00:00)
Program
Arr.type
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum