– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Brynhild Grødeland Winther - Heimsyn

lau28sep(sep 28)00:00sun29des(des 29)00:00Brynhild Grødeland Winther - HeimsynUtstilling

Om arr.

Brynhild Grødeland Winther presenterer utstillinga Heimsyn hausten 2024.

Winther viser ei teikna frise på papir,  35 m lang og 3 m høg. I tillegg kjem einskilde verk montert både på frisa og andre stader i rommet.
Frisa er ein tettpakka, visuell
reise gjennom natur og landskap, personlege og felles minner og myter, lasta med visuelle referansar frå populærkultur, kunst og historia.
I dette verket tek kunstnaren utgangspunkt i mellom anna heimlengsle. Det var noko med vinden den dagen, på stranda i Øystese, skriv ho.
Winther ser Hardanger frå utsida, som ei slags hovudpulsåre i vår kulturelle identitet, ein stad som er personleg og nær på ein underleg måte. 

Winther (1981) har ein mastergrad frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho bur og arbeidar i same by.
Dei seinare åra har ho hatt separatutstillingar ved m.a. Vestfold kunstsenter (Tønsberg), Kunstgarasjen (Bergen), Hå Gamle Prestegård (Jæren) og Haugesund billedgalleri.
Grødeland Winther har delteke fleire gongar på Høstutstillingen og Vestlandsutstillingen. Verka hennar er kjøpt inn av m.a. Equinor, Stavanger kommune, Asker kommune Sparebanken Vest (Bergen), Haugalandmuseet, OsloMet og KORO.
Ho er og aktiv skribent og skriv mellom anna kritikkar i Billedkunst. Ho har motteke ei rekkje stipend og residency-opphald og har hatt fleire verv i kunstnarorganisasjonar.

Opplev utstillinga i perioden 28.9-29.12 2024

>> Sjå nettstaden til Winther

 

 

Tid

Sept 28 (Laurdag) 00:00 - Desember 29 (Sundag) 00:00(GMT+00:00)