Øystein Klakegg
Om arr.
Øystein Klakegg sine fotografi skildrar med eit skråblikk dei fascinerande absurde, men likevel kjende omgjevnadene våre på Vestlandet. I utstillinga presenterer Klakegg bilete som skildrar kvardagsobservasjonar i stort format. Her
Om arr.
Øystein Klakegg sine fotografi skildrar med eit skråblikk dei fascinerande absurde, men likevel kjende omgjevnadene våre på Vestlandet. I utstillinga presenterer Klakegg bilete som skildrar kvardagsobservasjonar i stort format. Her vil ein finna foto frå vårt eige lokalmiljø i Øystese og frå t.d ferjekaien i Kvanndal.
«Øystein Klakegg oppsøker stader som badestranda, naturstien, ferjekaia, fotballbanen, cruisehamna. Stader som vi har tatt for gitt og som vi for lengst har glømt å sjå. Han viser oss at alt må oppdagast på ny og på ny. Ikkje minst må vi gjenoppdage stadane som er våre eigne, dei som ligg tett på oss. Fordi dei i si familiære form er fråtatt all mystikk, all eksotisme, alt drama», skriv Frode Grytten med ei oppmoding om å læra noko av Klakegg sitt blikk.
Øystein Klakegg arbeider til dagleg som reklamefotograf. Kunstfotoa har komme til parallelt og står i sterk kontrast til dei styla og objektfokuserte reklamefotografia. Nokre av fotografia strekk seg heilt tilbake til 90-talet, medan andre er frå dei seinaste åra.
>>> Tekst av Frode Grytten om Øystein Klakegg
Tid
12. mars 2016 00:00 - 17. April 2016 23:59
Program
Dato
lau06sep(sep 6)00:00sun19okt(okt 19)00:00(sept 6) 00:00 - (okt. 19) 00:00 Vestlandsutstillingen 2025