april 2020

fre03apr20:00Kjetil Mulelid TrioFredagsjazz

Om arrangementet

Fekk du med deg konserten med Wako & Oslo Strings i haust? No har du sjansen å høyra pianist Kjetil Mulelid frå Wako igjen – med eigen trio.
Hald av fredag 3. april kl 20 for gode jazzopplevingar!

Kjetil Mulelid Trio:
Kjetil A. Mulelid – piano
Bjørn Marius Hegge – kontrabass
Andreas Winther – trommer

Kjetil Mulelid Trio slapp debutplata si «Not Nearly Enough to Buy a House» i 2017 på det prestisjetunge norske plateselskapet Rune Grammofon.
Dei har sidan markert seg som nokre av dei fremste jazzmusikarane i Noreg, med aktiv konsertverksemd i større delar av Europa.
Det kritikarroste oppfølgar-albumet «What You Thought Was Home» vart utgjeve på same selskap i 2019. Albumet har gjort seg bemerka på straumetenester og har vorte hylla av media frå heile verda.

Trioen har vore svært positivt omtalt i magasin som The Wire og The New York City Jazz Record – og albumet vart omtalt som «Best of the year» på den britiske radiokanalen Jazz FM.
Dei tre medlemene er utan tvil nokre av dei mest interessante jazzmusikararne her til lands:
Pianist Kjetil Mulelid er kjend frå spananade prosjekt som Kjemilie og tidlegare nemnde Wako, medan trommeslagaren og bassisten er høvesvis nominert til/vinnar av Spellemansprisen gjennom andre prosjekt.

Saman dannar dei klassisk akustisk pianotrio med fokus på Mulelid sine energiske og harmonisk rike komposisjonar med vakre melodiar og komplekse rytmar. Trioen formidlar kjensla av ro og ein utfaldande tekstur og lydverd gjennom musikken sin. Samtidig presterar dei eit tett samspel kor improvisasjon tek musikken vidare til eit knutepunkt mellom dei tre musikarane sine ulike musikalske erfaringar.

 

Tid

(Fredag) 20:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettsal på nett, restbillettar i døra

>>> Kjøp billett her

Sjå dette arrangementet på Facebook

>>> Meld di interesse her

Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no

Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

Contact

Adr: Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no

Opening hours

September–May:
Wed–Friday 11 AM-3 PM, Sat+Sunday 11 AM–4 PM
Closed Mon-Tuesday

June–August:
Daily, 11 AM-5 PM

X