Kakaokonsert
lau25okt13:0013:00 KakaokonsertKvam kulturskule
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 25. oktober kl 13! Fire gongar i året byr Kvam kulturskule inn til konsert i Kabuso – for å la
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 25. oktober kl 13!
Fire gongar i året byr Kvam kulturskule inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
25. okt. 2025 13:00
Program
Dato
lau23aug13:0017:0013:00 - 17:00 Seminar: Glacial feelings
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once. I seminaret ynskjer me å
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.
I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, først og fremst gjennom kunsten si linse og den personlege erfaringa, men òg med dei kalde, vitskaplege fakta som er kjente for oss til no.
Me spør korleis me kan leve med, og reagere på, det som utfaldar seg kring oss, samstundes som me held håpet oppe.
Inviterte deltakarar er:
Professor Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen
Kunstnar Jana Winderen
Kunstteoretikar Dr. Anthea Buys
I tillegg: Kunstnar James Webb og kurator Sissel Lillebostad
Frå Kabuso kan ein sjå ein snipp av Folgefonna, Noregs sørlegaste isbre.
Den er, som dei andre breane me kjenner til, i ferd med å smelte, og det går raskare enn me trudde for berre nokre få år tilbake.
Utstillinga har som sitt sentrale element ein installasjon som stiller 151 spørsmål direkte til Folgefonna; kunstnaren spør mellom anna om kva minner isbreen har, om frykt og opplevinga av transformasjon.
Spørsmåla blir lesen både på norsk og engelsk og kan høyrast i rommet via tre høgtalarar, retta mot fonna.
Isbreen svarer ikkje på noko språk me menneske kan forstå, men i dei stille pausane som følger kvart spørsmål kan publikum projisere eigne tankar og svar.
Praktisk info:
Seminaret er gratis, men me ber om at du hentar ut ein billett via linken
Tid
23. aug. 2025 13:00 - 17:00
Billettar på nett
lau06sep(sep 6)00:00sun19okt(okt 19)00:00(sept 6) 00:00 - (okt. 19) 00:00 Vestlandsutstillingen 2025